A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søker LIS3 for eit årsvikariat med moglegheit for forlenging. Stillinga startar 01.01.2027, og for kandidatane som fullfører LIS1-tenesta våren 2027, kan oppstart vere frå mars.
Avdelinga har ansvar for eit breitt ortopedisk tilbod og gir rettleiing til turnuslege og 1. linjetenesta. Det blir lagt vekt på fagleg engasjement, god norskkommunikasjon og evne til å samarbeide i eit tverrfagleg team.
Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 til eit årsvikariat med moglegheit for forlenging.
Om avdelinga
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelingahar aktivitet ved sjukehusa iFørde, Lærdal og Eid.
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.
VedLærdal sjukehus har vi skadepoliklinikk måndag til fredag på dagtid. PåNordfjord sjukehushar vidagkirurgi ogskadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innen følgjande fagområde:
Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og ni LIS1 stillingar. Vi har ein sengepost med sju døgns drift i Førde.
Om regionen
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Sunnfjord kommune, omgitt av storslått natur med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Regionen byr på eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, treningssenter og eit variert fritidstilbod. Førde har gode kommunikasjonar til både Bergen og Oslo, og alle nødvendige tenester og fasilitetar er lett tilgjengelege i nærleiken. Sjekk elles ut kommunen vår på: Sunnfjord kommune .
Velkommen til Helse Førde!
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.