A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering ved Førde sentralsjukehus leitar etter LIS3 i nevrologi. Fast 100 % stilling frå 01.02.2027, med moglegheit for fleksibel oppstart i januar–mars 2027; delta i eit fagmiljø i utvikling og i Vestlandslegen-satsinga for utdanning og klinisk oppfølging.
Det er vaktordning, mellom anna 7-delt turnus og friveke kvar 7. veke. Lønn etter gjeldande overeinskomst, rekrutteringstillegg og gode pensjonsordningar vert tilbydde.
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbod om grupperettleiing på tvers av avdelingane.
Vestlandslegen
Helse Førde er ein del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå Universitetet i Bergen skal ha dei tre siste åra av utdanninga desentralisert ved Helse Førde. Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her:Vestlandslegen
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR) ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 nevrologi.
Om seksjonen
Legane i seksjonen er organiserte under Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR).
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med Nevrologisk avdeling og Nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland universitetssykehus for delar av spesialiseringsløpet.
Utdanningsplan for LIS3 i nevrologi i Helse Førde finn du her: Utdanningsplan
Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa.
Vestlandslegen
Helse Førde er ein del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå Universitetet i Bergen skal ha dei tre siste åra av utdanninga desentralisert ved Helse Førde. Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her:Vestlandslegen
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5204716570
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 18.11.2026
Seksjonsleiar
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.