Leiar operasjon

Matae v/ Julian Smørdal

Bergen

On-site

NOK 900,000 - 1,100,000

Full time

12 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Prøvetid 6 månader

Job summary

Vestland fylkeskommune søker leiar for den nyoppretta avdeling operasjon. Ansvar for at kundane møter eit tilbod som fungerer godt, og for å samle arbeidet med reiseinformasjon og kundeservice. Plassen er i Bergen, med tett avtaleoppfølging med operatørar og rask respons ved uventa hendingar.

Du blir ein del av direktørens leiargruppe og har tre gruppeleiarar som rapporterer til deg. Erfaring frå samferdsel eller offentleg forvaltning er ein fordel, og masternivå vil styrke kandidaten i denne

Qualifications

  • Leiarerfaring og relevant høgare utdanning, helst masternivå.
  • Gode evner til å utvikle kundeopplevingar og forbetringsarbeid.
  • Erfaring frå samferdsel eller kollektivtransport og kunnskap om offentleg forvaltning.

Responsibilities

  • Ansvar for at avdelinga har gode planar og arbeidsmåtar for å handtere uventa hendingar.
  • Samhandling med operatørar og leiargruppe for å sikre eit godt tilbod og god informasjon til kundane.
  • Bygge ei avdeling som jaktar forbetringar og verdsett heilskapen i drifta.

Skills

Leiarerfaring
Kundeoppleving
Endringsleiing

Education

Masternivå i relevant fagområde

Job description

Vil du vere med og gjere det enkelt for folk å reise i Vestland – også når dagen ikkje går heilt etter planen? Kvar dag er mange avhengige av Skyss for å kome seg til arbeid, skule og fritidsaktivitetar. Korleis vi møter kundane og løyser utfordringar undervegs, har stor betydning for kvardagen til mange vestlendingar.

Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling operasjon. Her får du ansvar for at kundane møter eit tilbod som fungerer godt, dag ut og dag inn. Du samlar arbeidet med reiseinformasjon og kundeservice, og samarbeider tett med operatørane som køyrer for oss gjennom god og tett avtaleoppfølging. Når noko ikkje går som planlagt, skal kundane få god informasjon, og avdelinga skal vere rusta til å handle raskt.

Arbeidsoppgåver

Du skal òg bruke det vi lærer av dei reisande, operatørane og hendingar i drifta, til å gjere tilbodet betre. Målet er å førebyggje problem og sørgje for at erfaringar frå den daglege drifta blir tekne med når Skyss utviklar nye løysingar og kjøper inn tenestene. Du har ansvar for at avdelinga har gode planar og arbeidsmåtar for å handtere uventa hendingar

Kvalifikasjonar (overskrift)

Som avdelingsleiar inngår du i direktøren si leiargruppe, og har tre gruppeleiarar som rapporterer til deg. Vi ser etter deg som har leiarerfaring og relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre denne rolla treng du erfaring med å utvikle gode kundeopplevingar, forbetringsarbeid og organisasjonsbygging. Erfaring frå samferdsel eller kollektivtransport, og kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel.

Du er tydeleg som leiar, gir medarbeidarane tillit og får fagmiljøa til å samarbeide. Du ser heilskapen og byggjer ei avdeling som jaktar forbetringar, utan at du sjølv må løyse kvar hending. Hos Skyss møter du engasjerte medarbeidarar som bryr seg om dei gode kvardagsreisene. Du får ei rolle der arbeidet ditt betyr mykje for mange menneske i heile fylket, ei viktig rolle for å løyse samfunnsoppdraget til Skyss.

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
  • Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.

Kontaktinformasjon

Målfrid Vik Sønstabø,direktør,91653176

Matae v/ Merethe Mæland,908 72 622

Matae v/ Julian Smørdal,932 29 249

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22

5008Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5190303348

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.10.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Leiar operasjon
Leiar operasjon

Skyss • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Leiar stab
Leiar stab

Målfrid Vik Sønstabø • Bergen

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Leiar teknologi
Leiar teknologi

Matae v/Merethe Mæland • Bergen

On-site
NOK 1,000,000 - 1,400,000
Leiar stab
Leiar stab

Skyss • Bergen

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Leiar teknologi
Leiar teknologi

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 950,000 - 1,250,000
Leiar teknologi
Leiar teknologi

Skyss • Bergen

On-site
NOK 1,200,000 - 1,500,000
Operasjonsleder – Kundeoppleving og Drift
Operasjonsleder – Kundeoppleving og Drift

Skyss • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Teamleder Vedtak
Teamleder Vedtak

Skoleskyss, Ruter As • Oslo

Hybrid
NOK 750,000 - 950,000
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor
Pensjonsordning
+2
Leder for Operasjon – Reiseinformasjon & Kundeservice
Leder for Operasjon – Reiseinformasjon & Kundeservice

Matae v/ Julian Smørdal • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Prøvetid 6 månader
Flyekspeditør
Flyekspeditør

Widerøe Ground Handling AS • Andenes

On-site
NOK 440,000 - 520,000
Gode pensjonsordninger
Gode parkeringsavtaler ved arbeidssted