Leiar teknologi

Vestland fylkeskommune

Bergen

On-site

NOK 950,000 - 1,250,000

Full time

7 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Skyss søker leiar for avdeling teknologi i Vestland, med ansvar for å samle behov, sette prioriteringar og sikre at teknologiske val gir nytte for organisasjonen og kundane.

Du vil vere ein del av direktøren si leiargruppe, ha personalansvar og samhandle tett med fagmiljø og leverandørar i kollektivbransjen.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning, helst masternivå, med erfaring frå offentleg sektor.
  • Leiarskap med erfaring i prosess- og prosjektleiing.
  • Evne til å formidle kompleks teknologi på ein forståeleg måte.
  • Evne til samarbeid med fagmiljø og leverandørar.

Responsibilities

  • Leiing av avdeling teknologi og samordning av teknologiske behov.
  • Setje klare prioritetar og sikre nytte av teknologiske val.
  • Samarbeide med fagmiljø, leverandørar og andre aktørar.
  • Vere ein del av direktøren si leiargruppe og ha personalansvar.

Skills

Ledelse
Prosjektledelse
Prosessforståing
Digital innsikt
Endringsledelse
Kommunikasjon
IT-arkitektur

Education

Høgre utdanning masternivå

Tools

IT-arkitektur
Dataanalyse

Job description

Vil du vere med og forme digitale løysingar bak dei gode kvardagsreisene? Skyss har eit viktig samfunnsoppdrag og er ein synleg del av kvardagen i Vestland. Vi treng ein leiar som ser korleis teknologi kan gjere det enklere å reise kollektivt og bidra til den digitale utviklinga i Skyss. dette er eit viktig grunnlag for nøgde kundar og videre passasjervekst.

Vi treng ein leiar for avdeling teknologi. Her skal du samle behova i Skyss, skape tydelege prioriteringar og sørgje for at teknologiske val gir nytte for organisasjonen og kundane. Du skal synleggjere moglegheiter og gi organisasjonen eit godt grunnlag for avgjerder. Saman med fagmiljøa skal du utvikle arbeidsprosessar og bidra til at nye digitale løysingar blir tekne i bruk på ein god måte.

Skyss er del av eit bransjesamarbeid for digital tenesteutvikling. Som leiar for teknologi vil du få ei sentral rolle med å utvikle dette samarbeidet for Skyss. Dataforvaltning og analyse, IT-arkitektur og personvern er også del av ansvarsområdet ditt. Avdelinga skal sikre at system og data heng saman og støttar behova våre, både i dag og framover.

I denne rolla vil du ha tett samarbeid med fagmiljø, leverandørar og andre aktørar i kollektivbransjen. Du skal samle og representere Skyss sine digitale utviklingsbehov i bransjesamarbeid om digital tenesteutvikling. Du er ein del av direktøren si leiargruppe og har personalansvar for medarbeidarane i avdelinga.

Vi ser etter deg med relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre rolla treng du erfaring med prosess- og prosjektleiing, og kunne sjå korleis digital innsikt og utvikling kan brukast strategisk for å styrkje verksemda. Du evnar å gjere det komplekse forståeleg, og formidlar moglegheiter og konsekvensar på ein måte som legg grunnlag for gode avgjerder. Har du også leiarerfaring eller erfaring med endringsleiing, gjerne frå offentleg sektor, er det ein fordel.

Du har god prosessforståing og teknisk innsikt og er nysgjerrig på nye moglegheiter. Du ser heilskapen, prioriterer mellom ulike behov og formidlar moglegheiter, konsekvensar og vegval på ein forståeleg måte. Som leiar skaper du tillit og gir dyktige medarbeidarar tydeleg retning og handlingsrom. Hos Skyss får du arbeide med engasjerte fagmiljø og påverke korleis teknologi bidreg til gode og berekraftige reiser i heile fylket.

Andre opplysningar:

Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder

Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Leiar teknologi
Leiar teknologi

Skyss • Bergen

On-site
NOK 1,200,000 - 1,500,000
Leiar teknologi
Leiar teknologi

Matae v/Merethe Mæland • Bergen

On-site
NOK 1,000,000 - 1,400,000
Leiar stab
Leiar stab

Skyss • Bergen

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Leiar operasjon
Leiar operasjon

Skyss • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Leiar stab
Leiar stab

Målfrid Vik Sønstabø • Bergen

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Leiar operasjon
Leiar operasjon

Matae v/ Julian Smørdal • Bergen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Prøvetid 6 månader
Leder for Teknologi og Digital Utvikling (Offentlig sektor)
Leder for Teknologi og Digital Utvikling (Offentlig sektor)

Skyss • Bergen

On-site
NOK 1,200,000 - 1,500,000
Teamleder Vedtak
Teamleder Vedtak

Skoleskyss, Ruter As • Oslo

Hybrid
NOK 750,000 - 950,000
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor
Pensjonsordning
+2
Seniorrådgiver Data og innsikt
Seniorrådgiver Data og innsikt

Petter Fafalios • Oslo fylke

Hybrid
NOK 1,000,000 - 1,400,000
Fleksible arbeidstider
Hjemmekontor
Seniorrådgiver Data og innsikt
Seniorrådgiver Data og innsikt

Plan, Ruter As • Oslo fylke

Hybrid
NOK 900,000 - 1,200,000
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor
Sentrale lokaler i Oslo
+2