Leiar for Kvam legevakt

Kvam herad

Skålheim

Sur place

NOK 900 000 - 1 200 000

Plein temps

Il y a 4 jours
Soyez parmi les premiers à postuler

Une candidature complète en une minute

Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.

Passez les filtres ATS

Avantages offerts par ce poste

Arbeidsstad i utvikling
Gode pensjonsordningar
Gode forsikringsordningar

Résumé du poste

Kvam herad legevakt søkjer ein leiar som kan kombinera strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse. Du vil ha personalansvar for sjukepleiarane og delta i klinisk arbeid. Stillinga inneber administrativ og operativ drift og tett samarbeid med NHS, kommunale einingar og ambulanstenesta.

Stillinga er 100% og ledig frå november 2026, med turnus og spesielle opplæringskrav for akuttmedisin. Løn etter avtale.

Qualifications

  • Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning er ønskelig.
  • Minimum 2 års klinisk erfaring er påkrevd.
  • Gjennomført kurs innan akuttmedisin, vald- og overgrepshandtering, nødnett og triage or vilje til å ta desse før tiltreding.
  • Relevant leiarutdanning eller vilje til å gjennomføre slik utdanning.

Responsabilités

  • Dagleg leiing og drift av legevakta.
  • Personalansvar inkludert rekruttering, opplæring, utvikling og oppfølging av tilsette.
  • Planlegging og oppfølging av bemanning og ressursstyring.
  • Budsjett- og økonomioppfølging.
  • Sikre at tenestene vert drivne i samsvar med lovverk og krav.
  • Delta i HMS-, kvalitets- og forbetringsarbeid.

Connaissances

2 års klinisk erfaring
Ledelse/utdanning
Fasilitator-/instruktørkompetanse
Engelsk kommunikasjon
Digital kompetanse

Formation

Autorisert sjukepleiar
Relevant leiarutdanning
Kurs i akuttmedisin/overgrep/triage
Kunnskap om akuttmedisin

Description du poste

Arbeidsoppgåver
  • Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring, utvikling og oppfølging av tilsette
  • Planlegging og oppfølging av bemanning, turnus og ressursstyring
  • Budsjett- og økonomioppfølging
  • Delta som arrangør/fasilitator ved samtrening og kurs
  • Saksbehandling og oppfølging av avvik, klager og forbetringstiltak
  • Autorisert sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
  • Minimum 2 års relevant klinisk erfaring, og god fagleg forståing
  • Gjennomført kurs innan akuttmedisin, vald- og overgrepshandtering, nødnett og triage, eller vilje til å ta desse før tiltreding. Dette er obligatoriske kurs for legevaktoperatørar.
  • Erfaring som fasilitator/instruktør eller gjennomført fasilitatorkurs vil verta vektlagd
  • God kjennskap til akuttmedisin og den akuttmedisinske kjeda
  • Du er trygg i kommunikasjon med pasientar, pårørande og innringjarar
  • Løn etter avtale
Leiar for Kvam legevakt er ei unik leiarstilling for deg som ønskjer å kombinera strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse, samstundes som du deltek aktivt i klinisk arbeid som sjukepleiar.

Legevakta i Kvam vert bemanna av fastlegane i kommunen frå kl. 15.30 – 23.00på kvardagar og 08.00-23.00i helgar og på høgtidsdagar. Frå 23.00-08.00 (08.30 kvardagar) overtek Voss interkommunale legevakt ansvaret for legevaktsentralen, medan lokal lege fungerer som bakvakt ved akutte hendingar i Kvam.

Legevakta er bemanna med 6 sjukepleiarar i 31,4 % stillingar. Desse arbeidar turnus med vakter kveld og helg.

Me søkjer deg som er tydeleg, trygg og endringsorientert, og som vil bidra til god og effektiv drift, sikra høg fagleg kvalitet på tenestene, skapa eit godt arbeidsmiljø og utvikla medarbeidarane og tenestene vidare.

Som leiarhar ein det overordna ansvaret for administrativ og operativ drift av legevakta, fagleg kvalitet i lag med medisinsk rådgjevar, økonomi, personalansvar for sjukepleiarane, og handtering av legevaktsentalen på dagtid. Stillinga inneber òg tett samarbeid med andre avdelingar innan helse og omsorg, ambulansetenesta, fastlegane og andre akuttmedisinske aktørar.

Stillinga er ledig frå november 2026 og er kombinert med både administrative oppgåver og drift/kliniske sjukepleiaroppgåver. Leiar bemannar legevaktsentralen dagtid i vekedagene og legekontora driftar daglegevakta.

Stillinga er i 100 %, og rapporterer til leiar for legetenesta. Arbeidstida er frå 08.30-16.00. Då arbeid pålegevakt krev særskild opplæring, må leiar ved ekstraordinære situasjonarògkunna arbeida kveld og helg.

Arbeidsoppgåver
  • Dagleg leiing og drift av legevakta
  • Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring, utvikling og oppfølging av tilsette
  • Planlegging og oppfølging av bemanning, turnus og ressursstyring
  • Budsjett- og økonomioppfølging
  • Sikre at tenestene vert drivne i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter,nasjonale føringar og kvalitetskrav
  • Leia og vidareutvikla HMS-, kvalitets- og forbetringsarbeid
  • Delta som arrangør/fasilitator ved samtrening og kurs
  • Saksbehandling og oppfølging av avvik, klager og forbetringstiltak
  • Bidra aktivt til vidareutvikling av legevakttenesta i samarbeid med overordna leiar, kommuneoverlege og andre samarbeidspartar
  • Sikra god samhandling med interne og eksterne aktørar
  • Leggja til rette for meistring, medverknad og fagleg utvikling hos medarbeidarane
Kvalifikasjonar
  • Autorisert sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
  • Minimum 2 års relevant klinisk erfaring, og god fagleg forståing
  • Gjennomført kurs innan akuttmedisin, vald- og overgrepshandtering, nødnett og triage, eller vilje til å ta desse før tiltreding. Dette er obligatoriske kurs for legevaktoperatørar.
  • Erfaring frå legevakt/akuttmedisin er ei føremon
  • Relevant leiarutdanning, eller vilje til å gjennomføra slik utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, ogevne til å kommunisera på engelsk
  • Erfaring som fasilitator/instruktør eller gjennomført fasilitatorkurs vil verta vektlagd
  • God kjennskap til akuttmedisin og den akuttmedisinske kjeda
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Personlege eigenskapar
  • Du er en trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement
  • Du er målretta, strukturert og har evne til å videreutvikla tenesta
  • Du er nytenkjande, tillitskapande og har gode samarbeidsevner
  • Du har evne til å prioritera og handla rett i akutte situasjonar
  • Du handterer samtidigheitskonfliktar påein strukturert måte, og evnar å prioritera når mange omsyn må balanserast samstundes
  • Du har gode kliniske vurderingsevner
  • Du er trygg i kommunikasjon med pasientar, pårørande og innringjarar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert noko som er naudsynleg innan akuttmedisin og beredskap

Det vert lagt stor vekt på desse personlege eigenskapane

Vi tilbyr
  • Ein arbeidstad i utvikling
  • Trivelege kollegaer i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
  • Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon

Kari Svellingen Nygård,Leiar Kvam legevakt,+47 971 10 289

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44

5600Norheimsund

Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Kvam herad
  • Referansenr.: 5198352496
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 08.11.2026

Kari Svellingen Nygård

Eit variert næringslivNæringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring,lokal matproduksjon, jordbruk og industri.Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Obtenez votre examen gratuit et confidentiel de votre CV.

ou faites glisser et déposez votre fichier ici.

Similar jobs

Postes similaires à comparer

Leiar for Kvam legevakt
Leiar for Kvam legevakt

Kari Svellingen Nygård • Skålheim

Sur place
NOK 900 000 - 1 100 000
Arbeidsstad i utvikling
Tverrfagleg miljø
Varierte arbeidsoppgåver
+1
Leiar for Kvam legevakt
Leiar for Kvam legevakt

Kvam herad • Norheimsund

Sur place
NOK 1 100 000 - 1 500 000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
Leiar for Kvam legevakt
Leiar for Kvam legevakt

Kvam Kommune • Skålheim

Sur place
NOK 900 000 - 1 150 000
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester • Skålheim

Sur place
NOK 420 000 - 560 000
Rekrutteringstillegg kr 40 000 pr år
Gode offentlege pensjons- og forsikrng
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Kvam herad • Norheimsund

Sur place
NOK 317 000 - 372 000
Rekrutteringstillegg kr 40 000 pr år
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Kvam herad • Strandebarm

Sur place
NOK 450 000 - 550 000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
Langvakter mulighet
Jobb i helse og omsorg - open søknad
Jobb i helse og omsorg - open søknad

Anne Vestrheim • Norheimsund

Sur place
Confidential
Gode kollegaer
Opplæring
Pensjons-/og forsikringsordninger
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Thale Valland • Skålheim

Sur place
NOK 335 000 - 424 000
Recruitment bonus 40 000 NOK/år
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Kvam Kommune • Skålheim

Sur place
NOK 320 000 - 420 000
Rekrutteringstillegg
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Kvam Kommune • Strandebarm

Sur place
NOK 420 000 - 520 000
Pensjons- og forsikringsordningar