Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kvam herad søkjer vernepleiar/sjukeleiar til Kalhagen bufellesskap i Norheimsund. 80% vikariat med dag- og kveldsvakter i turnus, inkludert kvar tredje helg. Arbeidet passar for deg som vil møte brukarar i kvardag og ved behov, i eit støttande tverrfaglig miljø.
Tilbodet inkluderer tett oppfølging frå eit kompetent team, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Krav: norsk autorisasjon, relevant erfaring og førarkort, samt evne til å arbeide sjølvstendig.
Vil du bli vår nye kollega?
Ledig 80% vikariat for vernepleiar/sjukepleiari miljøterapeutstilling.
Ledig frå snarast og ut 2027. Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.
Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår iteam og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansettjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Thale Valland,Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester,+47 941 71 804
Nedre Norheim 44
5600Norheimsund
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5192028705
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 08.11.2026