Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kvam Kommune i Strandebarm søker nyutdanna helsefagarbeidar eller lærling til pleie- og omsorgstenesta ved Strandebarm omsorgssenter. Stillinga er ledig frå 1. desember 2026 med tiltreding etter avtale; turnus med dag/kveld og helg.
Du får arbeide i institusjon og heimetenesta, med fokus på omsorg, stell, og pasientoppfølging. Krav: norsk B2 skriftleg/munleg og bilførarkort. For nytilsatte krev vi politiattest ved tilsetjing.
Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i nytt omsorgssenter i Strandebarm.
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.
Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetarVed fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtidaMe har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.