A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kvam legevakt søker ein leiar som kombinerer strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse med klinisk sjukepleiararbeid. Stillinga er 100% og rapporterer til leiar for legetenesta; arbeidstid frå 08.30 til 16.00, med vakt ved ekstraordinære situasjonar.
Du vil ha overordna ansvar for administrativ og operativ drift, samhandling med medisinsk rådgjevar, økonomi og personalansvar for sjukepleiarar, og tett kontakt med helse- og omsorgsavdelinga, ambulansetenesta og fastlegar.
Leiar for Kvam legevakt er ei unik leiarstilling for deg som ønskjer å kombinera strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse, samstundes som du deltek aktivt i klinisk arbeid som sjukepleiar.
Legevakta i Kvam vert bemanna av fastlegane i kommunen frå kl. 15.30 – 23.00på kvardagar og 08.00-23.00i helgar og på høgtidsdagar. Frå 23.00-08.00 (08.30 kvardagar) overtek Voss interkommunale legevakt ansvaret for legevaktsentralen, medan lokal lege fungerer som bakvakt ved akutte hendingar i Kvam.
Legevakta er bemanna med 6 sjukepleiarar i 31,4 % stillingar. Desse arbeidar turnus med vakter kveld og helg.
Me søkjer deg som er tydeleg, trygg og endringsorientert, og som vil bidra til god og effektiv drift, sikra høg fagleg kvalitet på tenestene, skapa eit godt arbeidsmiljø og utvikla medarbeidarane og tenestene vidare.
Som leiarhar ein det overordna ansvaret for administrativ og operativ drift av legevakta, fagleg kvalitet i lag med medisinsk rådgjevar, økonomi, personalansvar for sjukepleiarane, og handtering av legevaktsentalen på dagtid. Stillinga inneber òg tett samarbeid med andre avdelingar innan helse og omsorg, ambulansetenesta, fastlegane og andre akuttmedisinske aktørar.
Stillinga er ledig frå november 2026 og er kombinert med både administrative oppgåver og drift/kliniske sjukepleiaroppgåver. Leiar bemannar legevaktsentralen dagtid i vekedagene og legekontora driftar daglegevakta.
Stillinga er i 100 %, og rapporterar til leiar for legetenesta. Arbeidstida er frå 08.30-16.00.
Då arbeid pålegevakt krev særskild opplæring, må leiar ved ekstraordinære situasjonar og kunna arbeida kveld og helg.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur fra Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I same bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Det vert lagt stor vekt på desse personlege eigenskapane