Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse.
Vi søker deg som kan bidra til eit inkluderande læringsmiljø, høg kvalitet i undervisninga og god elevstøtte. Du vert trygg og tydeleg i klasserommet, med evne til å byggje gode relasjonar og sikre meistring for alle elevar.
Vil du vere med og forme framtida til ungdom gjennom praktisk og relevant opplæring? Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse.
På Slåtthaug møter du eit inkluderande fellesskap med engasjerte elevar og dyktige medarbeidarar. Vi er stolte av eit læringsmiljø der alle utdanningsvegar blir verdsette, og der vi saman arbeider for tryggleik, meistring og fagleg utvikling. Hos oss skal elevane oppleve aktiv læring, høge forventningar og støtte til å nå sitt potensial. Ønskelig oppstart er 04.januar.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.