A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stend vidaregåande skule i Bergen søkjer lærar i naturbruk med hundefag. Du skal bidra med both praktisk og teoretisk undervisning med vekt på hund, og du vil ha ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa for vg1–vg2.
arbeidsdagen krev samarbeid med kollegaer og deltaking i fagleg utviklingsarbeid. Vi leitar etter søkjarar med undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning, gjerne med hundefagleg utdanning eller relevant erfaring.
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Vi har eit ledig vikariat for lærar i naturbruk med hundefag.
Vi ønskjer søkjarar som har:
Praktisk erfaring og personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Andre opplysningar:
Janne Seilen,avdelingsleiar,92094232
Fanavegen 249
5244Fana
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.