A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stend vidaregåande skule søkjer lærar i naturbruk med hundefag. Stillinga er knytt til undervisning i hundefag på vg1 og vg2, med hovudvekt på praktisk og teoretisk opplæring.
Tilsette vil planleggje og vurdere opplæringa, samarbeide med kollegaer og delta i fagleg utviklingsarbeid. Prøvetid og krav om politiattest er opplyst i vilkåra.
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Vi har eit ledig vikariat for lærar i naturbruk med hundefag.
Stillinga er knytt til undervisning i hundefag på vg1, Yrkesfagleg fordjuping (YFF) og vg2, med hovudvekt på både praktisk og teoretisk opplæring.
Vi ønskjer søkjarar som har:
Praktisk erfaring og personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Janne Seilen,avdelingsleiar,92094232
Fanavegen 249
5244Fana
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5202077216
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.10.2027
Søknadsfrist: 11.11.2026