Kriminalteknikar

Kurt Kim Stige

Molde

On-site

NOK 560,000 - 800,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Lønnsnivå for politiet
Tilsette vidareutdanning og kurs
Opplæring og karriereutvikling

Job summary

Kurt Kim Stige i Molde søker kriminalteknikar for teknisk etterforsking og bevisutvikling. Du blir del av eit tverrfagleg team og deltakar i 24/7 beredskap med støtte frå sokkelgruppa.

Arbeidet krev høg fagleg interesse og evne til å handle profesjonelt i alle situasjonar. Søkjarar med relevant utdanning og erfaring vert prioritert, og opplæring vert gitt for å sikre fagleg kompetanse.

Qualifications

  • Bestått politi(høg)skulen
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet
  • Politiattest hentast inn ved tilsetting
  • Vidareutdanning i kriminalteknikk og etterforsking er ønskjeleg

Responsibilities

  • Gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar av åstadar
  • Gjennomføre innleiande laboratorieundersøkingar og vurdere vidare sakkunnige undersøkingar
  • Samle og tolke resultata frå eigne og eksterne sakkunnige undersøkingar og setje desse i samanheng
  • Sporsikring og dokumentasjon ved sakkunnige undersøkingar
  • Delta i reservetjeneste for kriminalteknisk beredskap
  • Hjelpe ved hendingar på kontinentalsokkelen (sokkelgruppa)
  • Påleggast andre arbeidsoppgåver

Skills

god skriftlig og muntlig framstilling
strukturert og nøyaktig
gode samarbeidsevner
høg arbeidskapasitet
motivasjon og arbeidsetikk

Education

Politi(Høg)skulen

Job description

Om stillinga

Er du nysgjerrig, strukturert og tolmodig? Har du evna til å sjå detaljar og vere fokusert i ulike situasjonar? Kan du setje spor, eller fråvær av spor, i ein samanheng slik at det kan kaste lys over ein hendingsgang?

Vi håpar at du som les dette med engasjement og interesse vil søkje på fast stilling som kriminalteknikar stadsplassert i Molde. Vi kan love ein givande, utfordrande og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø.

Avsnitt for kriminalteknisk etterforsking er plassert ved felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking. Avsnittet har ni medarbeidarar på fire lokasjonar i politidistriktet. Vi har brei fagleg bakgrunn og mykje erfaring frå ulike sakstypar. Avsnittet dekkjer 24/7- beredskap med reserveteneste og du må kunne bidra inn i ei slik teneste. I tillegg må du rekne med å bidra i sokkelgruppa til politidistriktet. Du vil få opplæring og kurs som sørgjer for fagleg kompetanse.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter ein motivert person som er interessert i å bidra i teknisk etterforsking i distriktet. Vi stiller høge krav til fagleg interesse, motivasjon og arbeidsmoral.

Vidare søkjer vi etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver
  • gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar av åstadar
  • gjennomføre innleiande laboratorieundersøkingar og vurdere vidare sakkunnige undersøkingar
  • samle og tolke resultata frå eigne og eksterne sakkunnige undersøkingar, og saman med etterforskingsmiljøa setje desse i samanheng
  • sporsikring og dokumentasjon ved sakkunnige undersøkingar, eksempelvis likundersøkingar og ved ID-saker
  • delta i reservetjeneste for kriminalteknisk beredskap
  • kunne hjelpe ved hendingar på kontinentalsokkelen (sokkelgruppa)
  • kan påleggast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • bestått politi(høg)skulen
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf.politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar fra enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • vidareutdanning i kriminalteknikk 1A, 1B og 1C
  • fleire vidareutdanningar og kurs innan kriminalteknikk
  • erfaring frå etterforsking og då særleg som kriminalteknikar
  • anna relevant utdanning eller erfaring
Personlege eigenskapar
  • interesse og motivasjon for fagfeltet
  • gode samarbeidsevner, då særleg i arbeid i team, då vi er eit forholdsvis lite avsnitt og jobbar mykje i faste makkerpar
  • komfortabel med å gjere eigne vurderingar og konklusjonar
  • strukturert og nøyaktig
  • høg arbeidskapasitet og fleksibilitet knytt til oppdrag

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ein utfordrande og spennande arbeidsplass i politiet
  • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 690 000 - kr. 760 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 720 000 - kr. 800 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    • politibetjent 3 - brutto årslønn fra kr. 640 000 til kr. 720 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn fra kr. 595 000 til kr. 660 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn fra kr. 560 000 til kr. 620 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • endringer i stillingsbenevnelser og stillingskodar må påreknast som følger av innføring av nytt gradssystem i 2027
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent fra lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Fag- og opplæringsansvarleg
Fag- og opplæringsansvarleg

Erik Steen Mikalsen • Ålesund

On-site
NOK 760,000 - 820,000
Fast stilling
Lønn 760k–820k
ATB og tillegg
+3
Operativ etterforskar utlendingskontroll
Operativ etterforskar utlendingskontroll

Svein Rike • Ålesund

On-site
NOK 510,000 - 660,000
Politiførstebetjent - teamleiar
Politiførstebetjent - teamleiar

Karl Idar Vik • Haram

On-site
NOK 730,000 - 760,000
God pensjonsordningar
Trening i arbeidstida
IA-bedrift
+1
Etterforsker - Kriminalteknikk
Etterforsker - Kriminalteknikk

Trine Alvestad • Bodø

On-site
NOK 625,000 - 780,000
Pensjonsordning
Trening i arbeidstiden
Avsnittsleiar ved operasjonssentralen, avsnitt 3 - Felles eining for operativ teneste
Avsnittsleiar ved operasjonssentralen, avsnitt 3 - Felles eining for operativ teneste

Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker • Bergen

On-site
NOK 819,000 - 1,001,000
Statens pensjonskasse
Bedriftshelseteneste
910 000 brutto pr år
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som IP4 patrulje
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som IP4 patrulje

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Bergen

On-site
NOK 530,000 - 658,000
Pensjonsordningar
Gode arbeidsvilkår
Seksjonsleiar
Seksjonsleiar

Per Arild Dyrnes • Kristiansund

On-site
NOK 830,000 - 860,000
Fast stilling
Pensjonsordning i Staten
Trening i arbeidstida
+2
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling

Spørsmål om søknad/CV • Bergen

On-site
NOK 819,000 - 1,001,000
Statens pensjonskasse
Etterforskar
Etterforskar

Anne Katrine Bjerkan • Kristiansund

On-site
NOK 560,000 - 800,000
Politibetjent ved Innhavet/Steigen politistasjoner
Politibetjent ved Innhavet/Steigen politistasjoner

Petter Michael Hovland • Strávnjunnje - Innhavet

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Pensjonsordning
Bedriftshelsetjeneste
Variert arbeidstid
Top locations