Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sykkylven kommune søkjer ein konsulent 100 % fast stilling i staben til kommunedirektøren. Du får sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver og ei viktig rolle i både drift og utvikling, med eit breitt ansvarsområde og samarbeid med kommunale ledd og politisk leiing.
Arbeidsplassen er på rådhuset, og du vil vere del av eit tverrfagleg miljø med kreative løysingar, digitalisering og dokumentforvaltning. Vi tilbyr varierte oppgåver, utviklingsmoglegheiter og triveleg arbeidsmiljø.
Vil du jobbe tett på innbyggarane og avgjerdene som formar Sykkylven kommune?
Vi har ledig ei 100 % konsulentstilling i staben til kommunedirektøren. Her får du ein variert arbeidskvardag tett på innbyggarar, politiske prosessar og den daglege drifta av kommunen.
Du får sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver og ei viktig rolle i både drift og utvikling. Stillinga har eit breitt ansvarsområde, og du må trivast med å veksle mellom faste oppgåver, samarbeid og nye problemstillingar.
Arbeidsplassen er på rådhuset, der du blir del av eit arbeidsmiljø med fleire fagområde og samarbeider tett med kollegaer, kommuneleiinga og politisk leiing.
Søknadsfrist: 01.11.2026
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Stad: SYKKYLVEN
Stillingstittel: Konsulent 100 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5193050282
Vi søkjer ein person som skal
Arbeid medfører noko kveldsaktivitet.
Oppgåver kan endre seg over tid og nye oppgåver kan kome til. Det er gode muligheter for utvikling og nye ansvarsområde i stillinga.
Vi ser etter deg med relevant utdanning innan administrasjon, offentleg forvaltning, jus eller tilsvarande, gjerne på høgskulenivå. Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan også vere aktuelt, og blir vurdert samla.
Døme på bachelor kan vere :
Utdanning og relevant arbeidserfaring blir vurdert i samanheng.
Har du erfaring fra administrativt arbeid, sakshandsaming, dokumentforvaltning eller liknande oppgåver ønsker vi at du legg fram dette.
Du må ha god digital kompetanse og evne til å sette seg inn i nye system, rutinar og regelverk.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk.
Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg er også ønskeleg.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn fra Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Adresse: Rådhuset i Sykkylven, Kyrkjevegen 62, 6230 SYKKYLVEN, Norge
Synnøve Hunnes
Stabssjef
Telefon: +47 901 40 282
E-post: synnove.hunnes@sykkylven.kommune.no
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir fra Sykkylven her !