Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sykkylven kommune søkjer ein 100% konsulent i staben til kommunedirektøren. Stillinga er knytt til politiske prosessar og den daglege drifta av kommunen. Arbeidsplassen er på rådhuset, og du får sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver i eit breitt ansvarsområde.
Du må vere strukturert, ha god digital kompetanse og evne til å samarbeide tett med innbyggarar, politisk leiing og kollegaer. Det blir varierte arbeidsoppgåver, utviklingsmoglegheiter og eit godt arbeidsmiljø.
Vil du jobbe tett på innbyggarane og avgjerdene som formar Sykkylven kommune?
Vi har ledig ei 100 % konsulentstilling i staben til kommunedirektøren. Her får du ein variert arbeidskvardag tett på innbyggarar, politiske prosessar og den daglege drifta av kommunen.
Du får sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver og ei viktig rolle i både drift og utvikling. Stillinga har eit breitt ansvarsområde, og du må trivast med å veksle mellom faste oppgåver, samarbeid og nye problemstillingar.
Arbeidsplassen er på rådhuset, der du blir del av eit arbeidsmiljø med fleire fagområde og samarbeider tett med kollegaer, kommuneleiinga og politisk leiing.
Vi søkjer ein person som skal
Arbeid medfører noko kveldsaktivitet.
Oppgåver kan endre seg over tid og nye oppgåver kan kome til. Det er gode muligheter for utvikling og nye ansvarsområde i stillinga.
Vi ser etter deg med relevant utdanning innan administrasjon, offentleg forvaltning, jus eller tilsvarande, gjerne på høgskulenivå.Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan også vere aktuelt, og blir vurdert samla.
Døme på bachelor kan vere :
Utdanning og relevant arbeidserfaring blir vurdert i samanheng.
Har du erfaring fra administrativt arbeid, sakshandsaming, dokumentforvaltning eller liknande oppgåver ønsker vi at du legg fram dette.
Du må ha god digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye system, rutinar og regelverk.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk.
Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg er også ønskeleg.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Synnøve Hunnes,Stabssjef,+47 901 40 282,synnove.hunnes@sykkylven.kommune.no
Kyrkjevegen 62
6230SYKKYLVEN
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5193050282
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026