Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
BUP Haugesund søker psykologspesialist ved døgnposten. Stillinga er 100 % og på dagtid, med 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid. Du vil arbeide tett på barn, unge og familiar i krevjande livssituasjonar og delta i eit engasjert tverrfagleg team.
Høgt fokus på recovery-orientert tilnærming og fagutvikling. Du blir del av eit miljø som legg vekt på samarbeid, støtte og kontinuerleg kompetanseheving i BUP Haugesund og Helse Fonna-regionen.
BUP Haugesund har ein 100 % ledig stilling som psykologspesialist ved døgnposten.Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
Denne stillinga er for deg som ønskjer å arbeide tett på barn, unge og familiar når dei treng det som mest Her på BUP døgnpost møter du menneske i krevjande livssituasjonar. Vårt oppdrag er å gi spesialisert behandling med høg kvalitet, i tett samarbeid med føresette og andre instansar.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer med totalt 10 senger : Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming.
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett.
Som psykolog vil du inngå i eit team saman med behandlarane på post, som omfattar psykologar, overlegar og LIS 3-legar. Psykologane og psykologspesialistane frå døgnposten inngår også i faggruppa psykologar ved heile BUP Haugesund med tilhøyrande møter, samlingar, fagutvikling og meir. Posten vil gjerne leggje til rette for fagutvikling.
*Søkjarar utan spesialisering kan òg vurderast, men vil då berre vere aktuelle for vikariat
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du kan utfylle det eksisterande teamet vårt.
Personleg framtoning, CV og referansar vil bli vurdert som ein del av heilskapsinntrykket i rekrutteringsprosessen.
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du kan utfylle det eksisterande teamet vårt.
Personleg framtoning, CV og referansar vil bli vurdert som ein del av heilskapsinntrykket i rekrutteringsprosessen.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- ogungdomspsykiatri.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.