Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Stavanger søker ein engasjert spesialpedagog til 100 % stilling ved poliklinikken i Rogaland. Søkar må ha erfaring frå BUP/PPT eller liknande og vere i stand til å styrkje fag og pasientforløp. Vi tilbyr variert arbeid, opplæring og vidareutdanning for å utvikle deg fagleg og personleg.
Du vil jobbe i eit inkluderande miljø med fokus på barn og ungdom, bidra i fagnettverk og få oppfølging gjennom faglege kurs. Arbeidet er på dagtid, med gode krav til samarbeid og trivsel i teamet.
Brenn du for faget ditt, liker å engasjere deg og deler gjerne kunnskapen din med andre? Då kan du vere pedagogen vi leiter etter!
No har vi eit ledig vikariat i 100 % stilling ved poliklinikken. S tillinga er knytt til arbeid med barn frå 5 år og oppover. Vi ønskjer oss ein entusiastisk og engasjert spesialpedagog som kan vere med å styrkje fag og pasientforløp. Søker må ha erfaring fra BUP, PPT eller liknande.
Vi nyttar varierte og kunnskapsbaserte behandlingsmetodar som B4DT (4-dagars), DBT, TF-CBT og EMDR. I tillegg tilbyr vi psykoedukasjonsgrupper, musikkterapi, recovery-kurs med erfaringskonsulent og hundeterapi – alt for å sikre eit heilskapleg behandlingstilbod for barna og ungdommane vi møter.
Her får du høve til å gjere ein forskjell for barn og unge, i eit spennande arbeidsmiljø med eit sterkt fagleg fokus. Som ein del av vårt team får du nødvendig opplæring, kurs og vidareutdanning, slik at du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Hos oss får du høve til å bidra aktivt i fagutvikling og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod.
Vi søkjer primært etter klinisk pedagog med erfaring frå arbeid i BUP.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med klinisk pedagogisk kompetanse, kan det vere aktuelt å tilsetje søkjarar med spesialpedagogisk utdanning eller anna relevant pedagogisk masterutdanning, kombinert med erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande verksemd.
Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team. Personleg presentasjon, CV og referanser blir også vektlagd i rekrutteringsprosessen.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.