An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
NTNU i Trondheim søker ein rådgivar for å utvikle og støtte bruk av kunstig intelligens i undervisning og vurdering. Arbeidsoppgåvene omfattar opplæring, rådgiving og utvikling av sjølvhjelpsressursar for tilsette, i eit tverrfagleg team.
Eining for læring og teknologi ved Seksjonen for læringsstøtte og digitale tenester tilbyr eit kreativt miljø med stor takhøgd, høve til vidareutvikling og gode vilkår.
NTNU er eit breiddeuniversitetmed ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt
innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.
På NTNU jobbar 9 000 tilsette og 43000 studentar med å skapa kunnskap for ei betre verda.
Video: https://youtu.be/Xt-yHCN5QS0Eining for læring og teknologi søkjer etter dyktig medarbeidar i 100% stilling over 2 år, som kan vere med å løyse arbeidsoppgåver innafor området kunstig intelligens i undervisning, læring og vurdering.
Eininga er ein del av Seksjon for læringsstøtte og digitale tenester i Avdeling for utdanning. Seksjonen er samansett av fem einingar, og Eining for læring og teknologi har 30 engasjerte medarbeidarar fordelt på dei tre campusane Trondheim, Gjøvik og Ålesund. Vi har eit breitt ansvarsområde, som blant anna omfattar undervisnings- og læringsstøtte, anskaffing og forvaltning av undervisnings- og vurderingssystem og læringsteknologiar, samt utvikling av digitale læringsressursar og eksamensgjennomføring. Vi er ein gjeng kreative og godt blanda folk, med ulike kompetansar og hobbyar, og stor takhøgde for «nerding» på alt frå film og musikk, til teknologi og litteratur. Brorparten av eininga sine medarbeidarar har kontorlokale på Kalvskinnet i Trondheim, medan vi har 4 dyktige fagfolk i Ålesund og Gjøvik. Vi jobbar alle tett med våre kollega kring daglege oppgåver, uansett kva campus vi høyrer til. Arbeidsstad vil vere Trondheim, Gjøvik eller Ålesund.
Du kan lese meir om seksjonen og eininga på desse sidene: https://www.ntnu.no/adm/aud/sld
I vurderinga av dei best kvalifiserte kandidatane vil vi leggje vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Stillinga som rådgjevar kode 1434 blir normalt løna frå brutto kr 650.000-750.000 pr år, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Frå̊ løna blir det trekt 2 % lovfest innskott til Statens Pensjonskasse.
Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og etter tilsettinga lyt ein rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområde
Tilsettinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.
Mangfald er ein styrkje, og ved NTNU har vi eit mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og tek i bruk potensialet i den samlede kompetansen i befolkninga. Vår visjon erKunnskap for ei betre verdog våre verdier erkreativ, kritisk, konstruktiv og respektfull. Vi trur at ei verksemd som er likestilt, mangfaldig og kjønnsbalansert er avgjerande for at vi saman når måla våre.
Vi ynskjer difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing av samfunnsoppdraget vårt innen forsking og utdanning.
Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen vi har fått når søknadsfristen har gått ut.Sørg difor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er skildra over.
Søknaden må innehalde:
Beskriv kort om, og eventuelt korleis, du har nytta KI i denne søknadsprosessen eller ved utarbeidinga av søknadsbrevet
Viss heile eller deler av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for hele utdanningsløp ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du her. Dersom du allereie har ein profil fra HK-dir, er det fint om du legg ved den også.
På førespurnad må du kunne legge fram stadfesta kopiar av dokumentasjonen din
Som en del av rekrutteringsprosessen kan det bli gjennomført bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
Kunstig intelligens (KI) kan nyttast som støtte til enkelte administrative oppgåver, til dømes å utarbeide caseoppgåver eller forslag til intervjuspørsmål. Alle vurderingar og avgjersler i rekrutteringsprosessen vert utført av menneske.
Offentleg søkjarliste med namn, alder, stillingstittel og bustadkommune blir utarbeidd etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom du ynskjer å reservere deg fra oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Vurdering vil bli gjort i samsvar med gjeldende regelverk. Du vil bli varsla dersom reservasjonen ikkje blir teken til følgje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar for Eining for læring og teknologi, Silje Belsvik Taftø, på tlf.: 95836389 eller e-post: silje.b.tafto@ntnu.no
Søknadsfrist: 18.09.26