Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
NTNU lyser ut ei 100% mellombels rådgjevarstilling som inngår i ei KI-satsing innan utdanningsområdet. Eininga er Seksjon for læringsstøtte og digitale tenester i Avdeling for utdanning, med oppgåver knytte til læringsteknologiar, undervisnings- og vurderingssystem, og utvikling av digitale læringsressursar.
Arbeidsstad vil vere Trondheim, Gjøvik eller Ålesund. Stillinga forventar relevant utdanning på minimum bachelornivå og erfaring frå å utvikle og drive læringsprosessar, samt god
Vi lyser ut ei 100%, 2-årig mellombels stilling, som skal bidra inn i ei spanande og utfordrande KI-satsing på utdanningsområde på NTNU
NTNU er eit breiddeuniversitetmed ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt
innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.
På NTNU jobbar 9 000 tilsette og 43000 studentar med å skapa kunnskap for ei betre verda.
Eininga er ein del av Seksjon for læringsstøtte og digitale tenester i Avdeling for utdanning. Seksjonen er samansett av fem einingar, og Eining for læring og teknologi har 30 engasjerte medarbeidarar fordelt på dei tre campusane Trondheim, Gjøvik og Ålesund. Vi har eit breitt ansvarsområde, som blant anna omfattar undervisnings- og læringsstøtte, anskaffing og forvaltning av undervisnings- og vurderingssystem og læringsteknologiar, samt utvikling av digitale læringsressursar og eksamensgjennomføring. Vi er ein gjeng kreative og godt blanda folk, med ulike kompetansar og hobbyar, og stor takhøgde for «nerding» på alt frå film og musikk, til teknologi og litteratur. Brorparten av eininga sine medarbeidarar har kontorlokale på Kalvskinnet i Trondheim, medan vi har 4 dyktige fagfolk i Ålesund og Gjøvik. Vi jobbar alle tett med våre kollega kring daglege oppgåver, uansett kva campus vi høyrer til. Arbeidsstad vil vere Trondheim, Gjøvik eller Ålesund.
I vurderinga av dei best kvalifiserte kandidatane vil vi leggje vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Stillinga som rådgjevar kode 1434 blir normalt løna frå brutto kr 650.000-750.000 pr år, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Frå̊ løna blir det trekt 2 % lovfest innskott til Statens Pensjonskasse.
Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og etter tilsettinga lyt ein rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområde
Tilsettinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.
Mangfald er ein styrkje, og ved NTNU har vi eit mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vår visjon erKunnskap for ei betre verd og våre verdier erkreativ, kritisk, konstruktiv og respektfull. Vi trur at ei verksemd som er likestilt, mangfaldig og kjønnsbalansert er avgjerande for at vi saman når måla våre.
Vi ynskjer difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing av samfunnsoppdraget vårt innan forsking og utdanning.
Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen vi har fått når søknadsfristen har gått ut.Sørg difor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er skildra over.
Søknadsfrist: 18.09.26
Avdeling for utdanning jobbar for å sikre høg utdanningskvalitet og eit godt læringsmiljø. Viktige område er kvalitetssikring, tilrettelegging for studentar, utvikling av etter- og vidareutdanningskurs, og støtte til studentdemokratiet.
Avdelinga har også ansvar for opptak av nye studentar til NTNU, både nasjonalt og internasjonalt, og forvaltar internasjonale program som Erasmus+.
I tillegg tilbyr avdelinga informasjon til studentar om opptak, utveksling og andre relevante emne. Avdelinga samarbeider tett med institutt, fakultet og eksterne partnarar for å utført desse oppgåvene.
Seksjon for læringsstøtte og digitale teneste har ansvar for tenester knytt til opptaksprosessar, studieadministrative verktøy, planlegging og avvikling av eksamen, reservering av rom, timeplanleggjing, undervisningskvalitet og konferansar. Seksjonen er delt inn i fire einingar.