A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Universitetet i Bergen søkjer ein Informasjonssikkerheitsleiar som kan leie IT-sikkerheits- og personverngruppe og styrke digital tryggleik i organisasjonen. Rollen inkluderer rådgjeving til IT-direktøren og vidareutvikling av sikkerheitsarbeidet i takt med nye trusslar og krav.
Personen må ha mastergrad innan relevant fagområde, samt dokumentert leiingserfaring og god forståing av informasjons- og personvernfeltet. Lønsramme og mogelegheimar for delvis heimekontor er spesifiserte i annonsen.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Med auka behov for sikre digitale løysingar søkjer UiB ny Informasjonssikkerheitsleiar. Vi ser etter ein person som kan leie gruppa for informasjonssikkerheit og personvern, vere ein ambassadør for informasjonssikkerheit i organisasjonen og bidra til å styrke vår kompetanse på området. UiB har dei siste fire åra gjennomført ei betydeleg styrking av arbeidet med informasjonssikkerheit. Som informasjonssikkerheitsleiar vil du få ei sentral rolle i å vidareføre og vidareutvikle dette arbeidet i takt med endra trusselbilete og aukande krav til digital tryggleik.
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 135 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling. UiB har sentralisert drift og teknisk forvaltning av IT-tenestene i tett samhandling med heile UiBs organisasjon. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4000 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her .
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Vi søkjer ein person som er:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, tlf: 91715378), eller IT-direktør Tore Burheim (tore.burheim@uib.no, tlf: 915 83 860).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.Sentraladministrasjonener organisert i sjuavdelinger. Lesmeirom IT-avdelinga her.