A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Universitetet i Bergen søker ein medarbeidar til å sikra framtidas IT-tenester og beredskap i IT-avdelinga. Du skal bidra operativt med informasjonssikkerheit og personvern, samHandle med sikkerheitsleiar og systemeigarar og delta i kursing og foredrag.
Stillinga krev bachelor-/mastergrad i relevant fagområde, samt erfaring med risikovurdering og ISO-rammeverk. Det ligg vekt på sjølvstende, kommunikasjon og samarbeid i eit komplekst akademisk miljø.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Vær med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen
For å sikre gode digitale løysingar søkjer UiB ny medarbeidar i si gruppe for informasjonssikkerheit og personvern. Gruppas primæroppgåver er å informere, kommunisere og gje opplæring innan informasjonssikkerheit og personvern, samt å arbeide operativt med informasjonssikkerheit. Gruppa har ansvar for å bidra til at UiB etterlev krav i personvernregelverk og andre krav til informasjonssikkerheit. Ho samarbeider tett med UiBs personvernombod og sikkerheitsleiar, samt med systemeigarar og forskarar. Vi er ute etter ein person som kan delta både i det formelle og i det operative arbeidet med beredskap, informasjonssikkerheit og personvern og bidra til å styrke vår kompetanse på området.
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 130 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.
Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4200 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her: IT-avdelinga | UiB
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innen avdelinga sine arbeidsområder.
Vi søkjer ein person som er:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jon Eikhaug (jon.eikhaug@uib.no, tlf: 55 58 42 70) , eller Informasjonssikkerheitsleiar Bjørn Tore Sund
(bjorn.sund@uib.no, tlf: 55 58 48 94).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan verte brukt ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .