Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Fitjar kommune søkjer ein tydeleg rådgjevar for IKT og digitalisering. Du vil være sentral i å sikre framtidsretta digital utvikling på tvers av fagområde og i forhold til IKTN og ERP/EPJ-innføring.
Rolla kombinerer strategisk utviklingsarbeid med operativ drift, med ansvar for informasjonssikkerheit og gevinstrealisering, og samordning av kommunens digitaliseringsinnsats. God personvern er eit kjernenemne.
Fitjar kommune søkjer ein tydeleg, utviklingsorientert og samlande rådgjevar for IKT og digitalisering. Stillinga er plassert i kommunen sin sentraladministrasjon og du vil vå ei nøkkelrolle for å sikra ei framtidsretta digital utvikling i heile kommunen på tvers av kommunen sine ulike fagområde
Fitjar kommune arbeider med ei endring av si IKT organisering. Endringa består i at kommunen går inn som eigar i IKT Nordhordland. IKTN vil då stå føre mykje av dagleg drift og brukarstøtte. Samarbeidet i IKTN bygger på ein føresetnad av at kommunane er aktive eigarkommunar og at kvar kommune har ein organisasjon som mellom anna skal støtte opp under arbeid om digital tryggleik. Digitalisering og innovasjon (DI) er ei felles overbygging for koordinera innkjøpsprosessen saman med eigarkommunane. Rådgjevar/fagansvarleg for IKT og digitalisering vil vera sentral i å sikra at Fitjar kommune sine interesser vert ivareteke og at Fitjar kommune kan ta posisjon som ein aktiv bidragsytar på Fitjar kommune sine vegner. Rolla som rådgjevar/fagansvarleg innan IKT og digitalisering vil også ha ansvar for å samordna kommunen sin innsats i forhold til digitalisering og IKT. Eit sentralt tema er også å sikra at digitalisering og bruk av IKT skjer på ein måte som sikrar personvern og god generell inforasjonssikkerheit. Rolla som rådgjevar/fagansvarleg IKT vil arbeide med utvikling av gode system for internkontroll og også opp mot kommunen sin beredskapsorganisasjon.
Kommunen står i dag føre store endringar først gjennom innføring av nytt ERP system og seinhausten 2027 også nytt EPJ system. Stillinga her vil ha ei rolle for å bidra til fagavdelingane sitt arbeid for gevinstrealisering og må også verka til å sikra at gevinstrealisering skjer innanfor trygge rammer.
Rolla kombinerer strategisk utviklingsarbeid med operativ drift, samarbeid og samhandling med IKTN og med alle deler av kommunen.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr