HR-sjef

Oda Sivertsen Stavrum

Oslo

On-site

NOK 1,000,000 - 1,600,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant
Application generator

Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.

Get past ATS filters

Job summary

Det Norske Teatret søkjer HR-sjef som får eigarskap til HR-området og skal utvikle og sikre gode rammer for rekruttering, arbeidsmiljø, kompetanse og organisasjonsutvikling.

Du rapporterer til direktøren, inngår i leiargruppa og har personalansvar for éin medarbeidar. Ein operativ rolle i dagleg drift vil vere ein del av stillinga, og mangfald står sentralt i oppdraget.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning og brei erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • Erfaring med strategisk og operativt HR-arbeid i større eller samansette organisasjonar.
  • Erfaring med organisasjonsutvikling, endringsprosessar og kulturbygging, og kan vise til resultat frå dette arbeidet.
  • Solid arbeidsrettsleg kompetanse og erfaring med personalsaker, varsling og konflikthandtering.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Arbeidsspråket på Det Norske Teatret er nynorsk.

Responsibilities

  • Utvikle og setje retning for HR-strategi i teateret.
  • Lede HR-området, støtte leiargruppa og sikre god personaloppfølging.
  • Sørge for at arbeidsmiljøet er inkluderande og trygt, og at mangfald blir realisert.
  • Samarbeide tett med teatersjef og andre avdelingar for eit godt samarbeid og arbeidsprosessar.

Skills

Strategisk HR
People ledelse
Stakeholderhåndtering
Kommunikasjon

Education

Høgere utdanning

Job description

HR-sjef ved Det Norske Teatret

Det Norske Teatret etablerer no ei eiga HR-avdeling, og søkjer ein HR-sjef som vil vere med og forme framtidas teaterorganisasjon.

Vi vil vere eit internasjonalt teater i toppklasse, og vi vil ta ei leiande rolle i å endre måten teater blir laga på: kven som lagar det, kven det er for, og korleis det blir definert.

For å lukkast må vi vere ein arbeidsplass der ulike stemmer, perspektiv og erfaringar får rom til å utvikle seg. Som HR-sjef får du ei nøkkelrolle i å videreutvikle organisasjonen vår og sikre at menneska i huset har dei beste føresetnadene for å skape teater av høgste kvalitet.

Om stillinga

Som HR-sjef får du eigarskap til HR-området på strategisk nivå. Du skal utvikle og sikre gode rammer og prioriteringar for mellom anna rekruttering, arbeidsmiljø, kompetanse, partssamarbeid og organisasjonsutvikling.

Det Norske Teatret har om lag 240 fast tilsette, og i tillegg er kring 200 gjestande kunstnarar og medarbeidarar innom huset kvart år. Vi er ein samansett organisasjon med sterke fagmiljø, tariffbunden drift og eit kunstnarleg tempo som stiller høge krav til god personalleiing.

Eit viktig oppdrag er å omsetje ambisjonane våre om fleirstemmigheit og mangfald til god personalpolitikk og gode arbeidsprosessar. Du skal vere ei drivkraft for at måla våre blir følgde opp i heile organisasjonen, og bidra til eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø der ulike medarbeidarar kan utvikle seg og lukkast.

Du rapporterer til direktøren, inngår i leiargruppa og har personalansvar for éin medarbeidar. Med ei lita avdeling er det ei forventing om at du også er operativ og tek del i den daglege drifta.

Ei viktig oppgåve blir å støtte teatersjefen i personaloppfølginga av den kunstnarlege sida av huset, der mange medarbeidarar rapporterer direkte til teatersjefen. Som HR-sjef får du eit særleg ansvar for ensemblet og den kunstnarlege sida av verksemda, medan HR-rådgjevaren har hovudansvaret for tekniske og administrative avdelingar.

Rolla handlar om å byggje bru mellom kunstnarleg ambisjon og arbeidsgjevaransvar. Eit teater som ønskjer å gi plass til nye stemmer på scenen, må òg vere ein arbeidsplass der folk med ulik bakgrunn, ulike perspektiv og ulike føresetnader kan gjere godt arbeid over tid.

Vi ser etter deg som har

  • Relevant høgare utdanning. Brei og dokumentert erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring med strategisk og operativt HR-arbeid i større eller samansette organisasjonar
  • Erfaring med organisasjonsutvikling, endringsprosessar og kulturbygging, og kan vise til resultat frå dette arbeidet.
  • Solid arbeidsrettsleg kompetanse og erfaring med personalsaker, varsling og konflikthandtering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Arbeidsspråket på Det Norske Teatret er nynorsk.

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil lukkast i rolla dersom du:

  • er trygg , tydeleg og skaper tillit
  • samarbeider godt og evner å balansere ulike interesser og perspektiv
  • er lyttande, relasjonssterk og god til å handtere krevjande situasjonar
  • kombinerer strategisk forståing med gjennomføringsevne
  • er nysgjerrig på og har respekt for ulike fagmiljø og arbeidsformer

Mangfald i praksis

Fleirstemmigheit og mangfald er ein sentral del av strategien til teateret og av kulturen vår som arbeidsplass – vi er forplikta til å vere ein organisasjon for alle.

For HR-sjefen vil difor arbeidet med mangfald, inkludering og tilhøyrsle vere ein viktig del av oppdraget, og dette er noko vi kjem til å snakke grundig om i intervjuet.

Vi oppmodar særleg deg som kan utvide perspektiva våre gjennom din eigen bakgrunn, dine erfaringar eller din veg inn i arbeidslivet, til å søkje.

Vi tilbyr

  • Ei spennande leiarstilling med reell påverknad, i leiargruppa til ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i landet.
  • Moglegheita til å byggje opp og vidareutvikle HR-funksjonen ved Det Norske Teatret.
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.

    Eit arbeidsmiljø med høg kompetanse, sterk fagleg identitet og eit levande kunstnarleg miljø.

Arbeidsstad er sentralt i Oslo.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

HR-sjef
HR-sjef

LL DET NORSKE TEATRET • Oslo

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Gode pensjonsordningar
Gode forsikringsordningar
Leiarstilling i kulturinstitusjon
HR-sjef – driv strategisk utvikling og mangfald i teatret
HR-sjef – driv strategisk utvikling og mangfald i teatret

LL DET NORSKE TEATRET • Oslo

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Gode pensjonsordningar
Gode forsikringsordningar
Leiarstilling i kulturinstitusjon
HR-Sjef
HR-Sjef

Creative Technology Norway • Oslo

On-site
NOK 660,000 - 780,000
Mobiltelefondekning
Mulighet for hjemmekontor
HR- og organisasjonssjef – en ny og sentral lederrolle ved Tasta sykehjem
HR- og organisasjonssjef – en ny og sentral lederrolle ved Tasta sykehjem

Stina Snilstveit • Stavanger

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
HR Coordinator
HR Coordinator

Netnordic • Bærum

On-site
NOK 480,000 - 620,000
HR-ansvarlig søkes
HR-ansvarlig søkes

Instacall AS • Oslo

Hybrid
NOK 700,000 - 900,000
Trøndelag Teater søker Plansjef
Trøndelag Teater søker Plansjef

TRØNDELAG TEATER AS • Trondheim

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Gode pensjonsordninger
Forsikringsordninger
HR Coordinator
HR Coordinator

NetNordic Norway • Oslo

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Teatersjef
Teatersjef

Human AS • Haugesund

Hybrid
NOK 1,200,000 - 1,800,000
HRP søker en ambisiøs avdelingsleder til digitalisering og teknisk ledelse i Oslo!
HRP søker en ambisiøs avdelingsleder til digitalisering og teknisk ledelse i Oslo!

HRP AS • Drammen

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000