Vi søker ein ny medarbeidar til ei variert og sentral rolle i administrasjonen vår.
Stillinga har eit tydeleg operativt fokus, samstundes som ho kombinerer administrative oppgåver innan HR, HMS og kvalitet. Rolla passar for deg som trivst med å vere tett på produksjon og menneske i det daglege arbeidet, og som samstundes evnar å strukturere, følge opp og vidareutvikle system og rutinar.
Du vil jobbe tett med leiing og produksjon, og vere ein viktig støttefunksjon i den daglege drifta av verksemda. Stillinga inneber både praktisk tilstedeværelse i drift og systematisk oppfølging av administrative og kvalitetsrelaterte prosessar.
Rolla omfattar oppgåver innan fleire område:
- Administrativ støtte knytt til tilsetjingsforhold, kontraktar og personaldokumentasjon
- Bidra til struktur og etterleving av rutinar innan personalområdet
- Følge opp avvik, uønskte hendingar og forbetringstiltak
- Samarbeide med leiing, verneombod og tilsette om eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Bidra til operativt og systematisk arbeid med kvalitet og kontinuerleg forbedring, herunder vedlikehald, dokumentasjon og vidareutvikling av verksemda sitt leiingssystem i tråd med ISO 9001 og ISO 14001
- Oppfølging av lærlingar
- Koordinering knyttet til kantine og reinhald
HR og personal:
- Daglig oppfølging av HR-prosesser, herunder personaladministrasjon, sjukefråver samt on‑ og offboarding
- Administrativ støtte knytt til tilsetjingsforhold, kontraktar og personaldokumentasjon
- Intern kommunikasjon og formidling av informasjon til tilsette
- Bidra til struktur og etterleving av rutinar innen personalområdet
HMS og kvalitet:
- Gjennomføre vernerundar og delta aktivt i det operative, systematiske HMS-arbeidet tett på produksjonen
- Følge opp avvik, uønskte hendingar og forbetringstiltak
- Samarbeide med leiing, verneombod og tilsette om eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Bidra til operativt og systematisk arbeid med kvalitet og kontinuerleg forbedring, herunder vedlikehald, dokumentasjon og vidareutvikling av verksemda sitt leiingssystem i tråd med ISO 9001 og ISO 14001
Koordinering og støtte:
- Støtte produksjonen med oppfølging av bemanning og rotasjonsplanar
- Oppfølging av lærlingar
- Koordinering knyttet til kantine og reinhald
- Bidra med praktisk og administrativ støtte på tvers av organisasjonen ved behov
Ønska kvalifikasjonar og personlige eigenskaper:
- Erfaring innen HR-arbeid er ein fordel, gjerne kombinert med relevant utdanning
- Erfaring med, eller interesse for, HMS- og kvalitetsarbeid
- Det er ein fordel med kjennskap til kvalitetssystemer og ISO-standarder
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Trivst i ei operativ rolle med tett kontakt med produksjon og tilsette
- Gode norsk- og engelskkunnskaper, muntleg og skriftleg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
- Ei variert og sentral rolle i eit aktivt og solid verftsmiljø
- Ei operativ stilling med stor kontaktflate og moglegheit til å påverke arbeidsmiljø og interne prosessar
- Eit godt arbeidsmiljø med tett samarbeid på tvers av avdelingar
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Kantineordning
Arbeidsstad: Larsnes i Sande kommune
Stillinga er underlagt administrasjonssjef og samarbeider tett med leiing, produksjon og verneapparat.
Søknadsfrist: 13.05.2026