A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Årdal kommune Helse søkjer helsesjukepleiar til ei 50% fast stilling ved Helsestasjonen i Årdal. Du vil vere med i eit fagmiljø som arbeidar førebyggjande og helsefremjande for born, ungdom og familiar, med tverrfagleg samarbeid og vaksinasjon som del av tenesta.
Førstekrav er autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar eller master i klinisk sjukepleie. Førarkort og bilmoglegheit er ein fordel.
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Vil du vere med og gjere ein forskjell for born, ungdom og familiar i Årdal?
Ved Helsestasjonen i Årdal kommune har me ledig 50 % fast stilling som helsesjukepleiar. Me søkjer deg som er engasjert i førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ynskjer ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid på tvers av fagområde.
Helsestasjonen i Årdal kommune omfattar helsestasjon for sped- og småborn, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og vaksinering. Fysioterapeut for born og gravide og helsastasjonslege er tett knytte til tenesta.
Du blir ein del av eit fagmiljø med 4,5 helsesjukepleiarstillingar som saman gir tenester til fem barnehagar, to grunnskular og den vidaregåande skulen i kommunen. Helsestasjonen er samlokalisert med legekontoret i Øvre Årdal, noko som legg til rette for godt samarbeid og korte vegar mellom tenestene.
Hjå oss møter du kollegaer som er opptekne av fagleg kvalitet, utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø der me støttar kvarandre i kvardagen.
Som helsesjukepleiar vil du arbeide innan helsestasjon og skulehelseteneste i tråd med nasjonale faglege retningslinjer. Arbeidskvardagen omfattar førebyggjande og helsefremjande arbeid retta mot born, ungdom og familiar, både gjennom individuelle konsultasjonar og arbeid i grupper.
Du vil bidra i tverrfagleg samarbeid med kollegaer og andre tenester, delta i fagutvikling og drive undervisning, rettleiing og vaksinering som ein del av tenesta sitt samla tilbod.
Me ser etter deg som er autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar, eller mastergrad i klinisk sjukepleie med fagområde helsesjukepleie.
Studentar under vidareutdanning til helsesjukepleiar er også velkomne til å søkje. Sjukepleiarar utan vidareutdanning kan bli vurderte dersom dei er motiverte for å ta utdanning innan fagområdet.
Det er ein fordel at du trivst med å arbeide sjølvstendig, samstundes som du ser verdien av godt samarbeid. Du kommuniserer godt med menneske i ulike livssituasjonar og ønskjer å bidra til eit positivt fagmiljø.
Det er krav om førarkort og moglegheit til å disponere eigen bil.
Hjå oss får du ein meiningsfull jobb der du bidreg til å styrkje helsa og livskvaliteten til born og unge. Du blir del av eit kompetent fagmiljø med høgt fagleg nivå, etablert tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
Me tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale, gode forsikrings- og pensjonsordninger gjennom KLP og eit arbeidsmiljø prega av trivsel, samarbeid og engasjement.
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordninger til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !