Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Stad kommune søker helsearbeidarar til heimetenesta i Selje/Stadlandet. To 100% vikariat fram til 28.11.2027, med fleksible ordningar og mogleg forlenging. Dei tilsette inngår i eit stort fagmiljø og arbeider i hovudsak i ambulerande heimeteneste og bufellesskap med variert turnus.
Stillinga krev offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, god norskkompetanse og førarkort. Det finnast moglegheit for langvakter og ekstra helgar mot kompensasjon, og hyppig oppfølging av fagleg
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her!
Stad kommune har ledig to 100 % vikariat som helsefagarbeidarar med tenestestad Selje/Stadlandet. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging.
Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid.Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon samt avtale om langvakter.
Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen.
Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke.
Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Søknadsfrist:
Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet
Vi gjer merksame på at etter§ 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 måneder prøvetid.
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!