Barne- og ungdomsarbeidar i Selje

Selje barnehage, Stad kommune

Selje

On-site

NOK 320,000 - 420,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lånekassen-støtte

Job summary

Selje barnehage i Stad kommune søker barne- og ungdomsarbeidar 100% fast frå 04.01.2027. Barnehagen ligg sentralt i Selje og har om lag 50 barn og 15 tilsette. Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel for barn og personale.

Vi søkjer deg som har stor arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande og likar eit variert tempo. Løn etter gjeldande avtaleverk, og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Qualifications

  • Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte
  • Du har arbeidsglede og ei positiv haldning og trivst saman med barna
  • Du er ein trygg omsorgsperson og eit godt rollemodell for barna

Responsibilities

  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna

Skills

Arbeidsglede
Positiv haldning
Omsorgsferdigheter
Observasjonsevne
Ansvarlig
Tilpasningsdyktig

Education

Ufaglært med motivasjon til fagbrev

Job description

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?

Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027.

Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette.

Hos oss får du vere med i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale.Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.

Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø?

  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
Kvalifikasjonar
  • Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte
Personlege eigenskapar
  • Du har arbeidsglede og ei positiv haldning og trivast saman med barna
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet og barnet i ei gruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell for barna
  • Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, stå på-vilje, er påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo
  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon? Kontakt gjerne styrar Heidi Løvold, tlf 97 99 04 36.

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Barne- og ungdomsarbeidar i Selje
Barne- og ungdomsarbeidar i Selje

Stad kommune • Selje

On-site
NOK 420,000 - 480,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lånekassen-støtte
Barnehagelærar i Selje
Barnehagelærar i Selje

Stad kommune • Selje

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet
Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet

Stad kommune • Selje, Stadlandet

On-site
NOK 700,000 - 820,000
Rekrutteringstillegg 30 000 kr
Vernepleiar/miljøterapeut Selje/Stadlandet
Vernepleiar/miljøterapeut Selje/Stadlandet

Stad kommune • Selje

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Rekrutteringstillegg på 30 000 kr
Lånekassen – studielån sletting
Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet
Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet

Stad kommune • Apalset

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Kompetansetillegg
Pensjonsordning
Videreutdanning
+1
Barne- og ungdomsarbeidarar i Golvsengane
Barne- og ungdomsarbeidarar i Golvsengane

Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Lånekassen-støtte ved bosetting
Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus
Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus

Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høgare stillingsprosent ved behov
Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga
Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga

Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Barnehagelærar i Golvsengane
Barnehagelærar i Golvsengane

Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lånekassen-søknad etter éin år i Stad
Fastlege ved Selje legekontor
Fastlege ved Selje legekontor

Stad kommune • Selje

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
ALIS-løp med rettleiing
8.2-avtale
Fagleg utvikling
Top locations