Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet

Stad kommune

Apalset

On-site

NOK 600,000 - 700,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Kompetansetillegg
Pensjonsordning
Videreutdanning
Fleksibel arbeidstid

Job summary

Stad kommune i Vestland fylke søker offentleg godkjend sjukepleiar til 100% fast stilling i turnus frå februar 2027. Stillinga kan justerast i prosent, og arbeidet skjer i Selje/Stadlandet som eit team mellom heimetenesta og institusjon.

Du vil arbeide med avansert medisinsk oppfølging, tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar, og få bruke heile sjukepleiefaget i ein varyr kvardag der ingen dagar er like.

Qualifications

  • Offentleg godkjend / autorisert sjukepleiar
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg

Responsibilities

  • Sjukepleiefaglege oppgåver og medisinsk behandling
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter krav og retningslinjer
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell

Skills

Offentleg godkjend/autorisert sjukeple
Gode språkkunnskapar i norsk
Fleksibel turnus

Job description

Vil du vere med og forme framtidas helsetenester ? Vi søkjer etter akkurat deg!

Vi har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i turnus frå februar 2027. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.

I område Selje/Stadlandet har vi slått saman sjukepleiarkreftene våre. Her jobbar vi side om side i heimetenesta og på institusjon som eit team, for å gje best mogleg omsorg til dei vi er her for.

Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hos oss der ingen dagar er like.

Kvifor velje oss?
Du får oppleve kor verdifullt det er å jobbe på tvers av heimebasert omsorg og institusjon. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samtidig som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å hjelpe tenestemottakarar i bufelleskap og institusjon. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar.

Hos oss får du brukt sjukepleiarkompetansen din der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse blir brukt på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krev din faglege kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsett. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.

Du kan velje langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette.

"Eitt team. Eitt mål. Best mogleg omsorg – saman med deg!”

Bli med i vårt tverrfaglege team i heimetenesta og på Seljetunet! Her kombinerer vi styrkane våre på tvers for å gje best mogleg omsorg – både heime hos tenestemottakarane og på institusjon.

Er du sjukepleiarstudent oppmodar vi deg til å søkje!

  • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjend / autorisert sjukepleiar
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du har lyst til å vere med å utvikle framtidas heime- og institusjonsteneste

Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.

  • Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid
  • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan mot ekstra kompensasjon
  • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks måneder prøvetid.Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

E-post: heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sjukepleiar i heimetenesta avd. Nordfjordeid
Sjukepleiar i heimetenesta avd. Nordfjordeid

Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 600,000 - 760,000
Pensjonsordningar
Arbeide fleire helgar
Vidareutvikling
+2
Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet
Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet

Stad kommune • Selje, Stadlandet

On-site
NOK 700,000 - 820,000
Rekrutteringstillegg 30 000 kr
Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus
Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus

Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høgare stillingsprosent ved behov
Fastlege ved Selje legekontor
Fastlege ved Selje legekontor

Stad kommune • Djupedalen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
ALIS-program
Gode økonomiske ordningar
Fagleg utvikling
Fastlege ved Selje legekontor
Fastlege ved Selje legekontor

Stad kommune • Selje

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
ALIS-løp med rettleiing
8.2-avtale
Fagleg utvikling
Sjukepleiar i heimetenesta avd. Nordfjordeid
Sjukepleiar i heimetenesta avd. Nordfjordeid

Heimetenesta, Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 580,000 - 720,000
Rekrutteringstillegg 30k
Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga
Vernepleiar/miljøterapeut i barneavlastinga

Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet
Sjukepleiar i team Selje/Stadlandet

Anne-Lise Teige • Stad

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Rekrutteringstillegg 30 000
Kompetansetillegg 28 000
Gode pensjonsordningar
+1
Barnehagelærar i Selje
Barnehagelærar i Selje

Stad kommune • Selje

On-site
NOK 420,000 - 540,000
ID 2490 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande
ID 2490 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande

Stord kommune • Stord

On-site
NOK 391,000 - 469,000
Garantiløn
Fagleg utvikling
IA-bedrift
+3
Top locations