A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stad kommune har ledig to 100 % vikariat som helsefagarbeidarar ved avdeling Selje/Stadlandet. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging. Stillingsprosent er hovudsak 100 %, med toes for fleksibilitet i årsplan og moglegheit for å inngå avtale om ekstra helgar samt langvakter.
Arbeidet foregår i ambulerande heimeteneste og bufellesskap, og krav om politiattest kjem. Stillinga gir gode utviklingsmoglegheiter i eit sterkt fagmiljø.
Stillingstittel Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her!
Stad kommune har ledig to 100 % vikariat som helsefagarbeidarar med tenestestad Selje/Stadlandet. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging.
Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid.Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon samt avtale om langvakter.
Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen.
Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke.
Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Vi gjer merksame på at etter§ 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 måneder prøvetid.
Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart.
Hanne Kristin Teige Otneim,Avdelingsleiar heimetenesta,951 40 595, hanne.teige@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige,Einingsleiar heimetenesta,41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no
6740Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5213425934
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.12.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Helsefagarbeidarar i Heimetenesta avd. Nordfjordeid