A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stad kommune i Nordfjordeid lysnar etter helsefagarbeidarar til heimesyssel. Arbeidet skjer i ambulerande heimeteneste og bubuar i bufellesskap, med hovudfokus på pasientretta pleie og tverrfagleg samarbeid.
Stillingane er 100% og har fleksible arbeidstidsordningar i årssplan, med moglegheit for langvakter og tilpassa delstillingar. Kunne du bidra med nye idear i tenesteutviklinga, blir du delt av eit sterkt fagmiljø.
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her!
Heimetenesta har ledig tre vikariat i 100 % stilling i avdeling Nordfjordeid. Oppstart snarast råd. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging.
Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid.Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon, samt avtale om langvakter.
Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og for bebuarar i bufellesskap. Stillingane er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen.
Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke.
Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Det blir lagt til rette for god opplæring ved oppstart.
Vi gjer merksame på at etter§ 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Anne Dybedal Berteig,Avdelingsleiar heimetenesta,989 00 561,anne.dybedal.berteig@stad.kommune.no
Marthe Stave,Avdelingsleiar heimetenesta,959 99 604,marthe.stave@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige,Einingsleiar heimetenesta,41002206,anne-lise.teige@stad.kommune.no
Fossevegen 10
6770Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5213413302
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.12.2026