Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Vestlia Bofellesskap søker våken nattevakt til eit 70% stillingsomfang. Du blir ein viktig del av natten og bidreg til tryggleik og ro for bebuarane. To nattevakter jobbar kvar natt, men i ulike bygg og samarbeider ved behov.
Langvakter i helgene med vaktlengde 12,25 timar. Vi søkjer deg som er trygg, sjølvstendig og ansvarsbevisst, og som trivst med nattarbeid. Gode faglege vurderingar og evne til å handtere uventa situasjonar er viktig for å bidra til ro og livskvalitet for bebuarane.
Våken nattevakt - 70 % stilling ved Vestlia Bofellesskap
Vi har no ledig ei 70 % stilling som våken nattevakt ved Vestlia Bofellesskap. Som nattevakt blir du ein viktig del av tenesta og bidreg til tryggleik, ro og gode tenester for bebuarane gjennom natta.
Det er to nattevakter på jobb kvar natt, men dei arbeider i ulike bygg. Nattevaktene samarbeider og støttar kvarandre ved behov.
Hos oss arbeider vi med langvakter i helgene, med ei vaktlengd på 12,25 timar.
Dette er ei meiningsfull stilling for deg som er trygg, sjølvstendig og ansvarsbevisst, og som trivst med nattarbeid. Du må kunne gjere gode faglege vurderingar, handtere uventa situasjonar og samtidig bidra til ro, tryggleik og stabilitet for bebuarane.
Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og/eller annan relevant erfaring frå helse- og omsorgstenesta er ein føremon.
Hos oss får du moglegheit til å bruke fagkompetansen din til å skape tryggleik, meistring og gode dagar – også gjennom natta. Vi ser etter deg som møter bebuarane med respekt, varme og fagleg tryggleik.
Vi ønskjer oss deg som:
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg