Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Arbeidsplassen i Knarvik søker etter ein 70% nattevakt til bufellesskap. Du vil gje trygg oppfølging og sikre rolege nattevakt for bebuarane.
Viktige krav er autorisasjon som helsefagarbeidar og god norsk kommunikasjon. Erfaring frå brukargruppa og kunnskap om legemiddelhåndtering blir sett pris på.
Vi tilbyr eit meiningsfylt arbeid, gode arbeidsforhold og konkurransedyktig lønn.
Stillingstittel 70% Helsefagarbeidar natt - Kvernhusmyrane bufellesskap
Vil du gjere ein viktig forskjell – også når andre søv?
Vi har no ei ledig 70 % stilling som våken nattevakt i bufellesskap i Knarvik. Som nattevakt bidreg du til tryggleik, ro og gode tenester for bebuarane gjennom natta.
Stillinga er knytt til både Bjørkhaugen bufellesskap og Kvernhusmyrane bufellesskap. De er to nattevakter på jobb kvar natt, éin i kvart hus, og samarbeider ved behov. Vaktene er for tida på mellom 9 og 10 timar.
Dette er ei meiningsfull stilling for deg som er trygg, sjølvstendig og trivst med ansvar.
Bjørkhaugen bufellesskap og Kvernhusmyrane Bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er heimen til 12 personar med ulik grad av funksjonshemming. Bustadene er døgnbemanna, og vi arbeider for å gje tenester av høg kvalitet og ein best mogleg kvardag for kvar einskild bebuar.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved oppstart.
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.