Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Helse Førde HF i Lærdal leitar etter ein helsefagarbeidar/hjelpepleiar til fast stilling ved det lokale sjukehuset. Du blir del av eit lite lokalsjukehus med store faglege utfordringar og tilgang til knutepunkt mellom Oslo og Bergen.
Arbeidet krev evne til å bidra i eit travelt pasientmiljø og å følge gjeldande rutinar. Arbeidsplassen ligg i Sogn og Fjordane; lønsvilkår etter gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte?
Stillinga kan ikkje delast.
Medisinsk sengepost har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger, og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.
Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utenfor døra, og gode turmoglegheiter f or friluftsliv året rundt . Plasseringa gjer Lærdal til eit naturleg knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.
Meir informasjon om Lærdal kommune finn du her.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte einingsleiar - sjå kontaktinformasjon i annonsa.
Arbeideetter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.