An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Kvernhusmyrane Bufellesskap i Knarvik byr på to faste heiltidsstillingar som helsefagarbeidar. Arbeidet inneheld direkte miljøarbeid, oppfølging av brukarar og dokumentasjon i Profile-systemet, med fokus på trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane.
Stillinga krev evne til samarbeid, initiativ og etisk refleksjon. Det blir arbeidd kvar fjerde helg, med korte vakter fredag og lange vakter laurdag og sundag.
Kvernhusmyrane 18, 5914 Isdalstø
Stillingstittel Helsefagarbeidar 100% x2 i Kvernhusmyrane Bufellesskap
Kvernhusmyrane bufellesskap søkjer to engasjerte og motiverte medarbeidar i 100 % faste stillingar!
Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik og er heim for seks personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Bustaden er døgnbemanna, og vi arbeider for å gje tenester av høg kvalitet og ein best mogleg kvardag for kvar einskild bebuar.
Stillinga inneber arbeid kvar fjerde helg, med kortvakt fredag og langvakter på 12,5 timar laurdag og sundag.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.