Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Vinje kommune søker helsefagarbeidar til fast stilling i turnus dag/kveld. Stillinga er heiltidsprosent 100% med arbeid tredje kvar helg, og moglegheit for lengre vakter ved avtale.
Vi legg vekt på nynorsk som arbeidsmål og å vere inkluderande. Søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar blir prioritert; andre relevante utdanningar eller erfaring vert også vurdert.
Vil du ha ein jobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?
Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.
Som helsefagarbeider bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Stillinga er turnus dag/kveld med arbeid tredje kvar helg. Det er moglegheit for langvakter etter avtale.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
HJørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar, 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5164257901
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 15.09.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 15.09.2026