Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Vinje kommune søker helsefagarbeidar til Vinjevegen 192 i 3890 Vinje. Stillingen er turnus dag/kveld med arbeid tredje kvar helg, og det er moglegheit for langvakter etter avtale.
Du bidreg i miljøarbeid, personleg hygiene, aktivitetar og dokumentasjon i journalsystem. Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre faginstansar; velferdsteknologi nyttast i daglege oppgåver.
Vil du ha ein jobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?
Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.
Som helsefagarbeider bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri aleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillinga er turnus dag/kveld med arbeid tredje kvar helg. Det er moglegheit for langvakter etter avtale.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
hjørdis Ringhus Saupstad,Avdelingsleiar,97028218,hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no
Vinjevegen 192
3890Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5164257901
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 15.09.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 15.09.2026
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.