Vernepleiar - 100 % fast

Hjørdis Ringhus Saupstad

Åmot

On-site

NOK 540,000 - 600,000

Full time

9 days ago

Get more replies from employers

Send a job-specific resume in minutes.

Benefits offered by this job

Mentorprogram
Lokalt tillegg kr 48 000 i 100 % still
Fagleg rettleiing og kompetanseheving
Gode velferdsordningar, tilbod om bade
Pensjons- og forsikringsordning

Job summary

Vinje kommune søker ein engasjert vernepleiar til 100% fast stilling i Svingen og Reini bufellesskap i Åmot. Du får mentor og fagleg rettleiing frå fyrste dag, samt tilgang til velferdsordningar og utviklingsmoglegheiter.

Arbeidet krev miljøterapeutisk tilnærming, koordinering og dokumentasjon i raskt skiftande situasjonar. Du blir del av eit godt tverrfagleg team og vil arbeide med bebuarar i ulike aldrar og funksjonsnivå.

Qualifications

  • Autorisasjon som vernepleiar, andre relevante høgskuleutdanning kan søkje
  • Ynskjeleg med erfaring frå miljøarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B for manuelt gir

Responsibilities

  • Målretta miljøterapi og oppfylging av psykisk og fysisk helsetilstand hjå bebuarane
  • Kontakt med pårørande, verge og ulike samarbeidspartnerar
  • Koordinerande funksjon
  • Ansvarsvakt
  • Utarbeide vedtak etter kap. 9.
  • Fylgje opp og evaluere tiltak
  • Rettleiing til personalgruppa i faglege spørsmål
  • Medikamenthandtering

Skills

Autorisasjon som vernepleiar
Miljøarbeidserfaring
Munnleg og skriftlig framstillingsevne
Førarkort B

Education

Vernepleiarautorisasjon

Job description

Vil du jobbe med menneske, utvikle deg fagleg og få støtte frå dag ein?

Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape trygge og gode tenester for bebuarane våre.

Svingen og Reini er moderne bufellesskap med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, og gode fellesareal både inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar i alle aldrar, og med varierande behov for hjelp. Arbeidet vårt handlar om å støtte den enkelte i kvardagslege gjeremål, med respekt og fagleg tryggleik.

Som nytilsett hos oss får du ein mentor som fylgjer deg tett. Du får tid til refleksjon, rettleiing og støtte – slik at du kjem godt i gang og blir trygg i rolla. Dette er ein del av vårt arbeid for å sikre god opplæring og trivsel frå fyrste dag.

Hos oss møter du eit godt arbeidsmiljø og ein positiv gjeng som støttar kvarandre. Me har eit breitt fagleg fokus og jobbar aktivt for å halde oss oppdaterte, slik at bebuarane får eit best mogleg tilbod. Me legg vekt på utvikling, kompetansebygging, tverrfagleg samarbeid og bruk av ny teknologi.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver
  • Målretta miljøterapi og oppfylging av psykisk og fysisk helsetilstand hjå bebuarane
  • Kontakt med pårørande, verge og ulike samarbeidspartnerar
  • Koordinerande funksjon
  • Ansvarsvakt
  • Utarbeide vedtak etter kap. 9.
  • Fylgje opp og evaluere tiltak
  • Rettleiing til personalgruppa i faglege spørsmål
  • Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som vernepleiar, men andre med relevant høgskuleutdanning kan også søkje
  • Ynskeleg med erfaring frå miljøarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B for manuelt gir
Personlege eigenskapar
  • Du nyttar fagkunnskapen aktivt i det daglege arbeidet og bidreg til fagleg utvikling gjennom deling og samarbeid.
  • Du er fleksibel og har god evne til å planleggje og organisere arbeidet ditt.
  • Du tek ansvar, er tydeleg og kan sei ifrå når det trengs.
  • Du er engasjert, har godt humør og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider sjølvstendig,men trivst også med samarbeid i team.
  • Du skapar trygge, gode relasjonar med bebuarar, pårørande og kollegaer.
  • Du er open for å ta i bruk velferdsteknologi som ein del av tenesteytinga, og ser moglegheiter i digitale løysingar.

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Me tilbyr
  • Vernepleierar får eit lokalt tillegg på kr 48.000 over gjeldande tariff i 100 % stilling
  • Mentorprogram med oppfylging og støtte frå erfaren kollega
  • Fagleg rettleiing og kompetanseheving
  • Gode velferdsordningar med tilbod om bading i kommunale anlegg
  • God forsikrings- og pensjonsordning

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad,Avdelingsleiar Svingen og Reini,+47 97028218

Arbeidsstad

Åmotvegen 2

3890Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5163593241

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.09.2026

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vernepleiar - 100 % fast
Vernepleiar - 100 % fast

Arbeidsplassen • Åmot

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Lokalt tillegg kr 48 000
Mentorprogram
Fagleg rettleiing
+2
Helsefagarbeider- 100 % Vikariat
Helsefagarbeider- 100 % Vikariat

hjørdis Ringhus Saupstad • Norway

On-site
NOK 430,000 - 520,000
God opplæring og oppfølging
God forsikrings- og pensjonsordning
Lønn etter lokal stige og kvalifikasj.
Helsefagarbeider- 100 % Vikariat
Helsefagarbeider- 100 % Vikariat

Arbeidsplassen • Norway

On-site
NOK 420,000 - 480,000
God opplæring og oppfølging
God forsikrings- og pensjonsordning
100% vernepleiar, Sevrinhaugen
100% vernepleiar, Sevrinhaugen

Reidun Elisabeth Sandnes • Klepp

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Turnus med langvakter
Tilgang på elæringskurs
100% vernepleiar, Sevrinhaugen
100% vernepleiar, Sevrinhaugen

Arbeidsplassen • Klepp

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Pensjonsordning (KLP)
Godt arbeidsmiljø
Tilgang til e-læringskurs
Er du vernepleier og ønsker å jobbe med barn og unge?
Er du vernepleier og ønsker å jobbe med barn og unge?

Gry Møller • Skien

On-site
NOK 420,000 - 480,000
Pensjonsordninger
Gode forsikringsordninger
Rekrutteringstillegg 20 000 kr/år
Er du vernepleier og ønsker å jobbe med barn og unge?
Er du vernepleier og ønsker å jobbe med barn og unge?

Arbeidsplassen • Skien

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Rekrutteringstillegg: kr 20 000/år
Meget gode forsikrings- og pensjonsord
Er du vernepleier eller sykepleier?Vil du være med å bygge opp et bofellesskap helt fra start?
Er du vernepleier eller sykepleier?Vil du være med å bygge opp et bofellesskap helt fra start?

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 620,000 - 760,000
Høyt faglig nivå
Veiledning og opplæring
Nye fasiliteter
+4
Vernepleier/sykepleier til Kveldrovegen bofellesskap
Vernepleier/sykepleier til Kveldrovegen bofellesskap

Gøril Tobiassen Nilsen • Tromsø

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Engangssum 70 000 kr
Årlig studiestøtte og lånerefusjon
Videreutdanning og refusjon av reiseut
Engasjert Vernepleier/sykepleier på jakt etter nye utfordringer?
Engasjert Vernepleier/sykepleier på jakt etter nye utfordringer?

Siv Berntsen • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Pensjonsordning
IA-bedrift
Faglig veiledning