A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektet Rett kompetanse – betre pasientflyt. Stillinga er ei tidsavgrensa prosjektstilling frå 01.01.2027 til 31.08.2027 og skjer i samarbeid mellom Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset.
Du får ei sentral rolle i utprøving av nye arbeidsformer og bidreg til betre pasientflyt. Vi legg vekt på fleksibilitet, løysingsorientertheit og evne til samarbeid på tvers av
Søknadsfrist
04.12.2026
Helsefagarbeidar KREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Om stillinga
Vil du vere med å utvikle framtidas polikliniske tenester?
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektstillinga «Rett kompetanse – betre pasientflyt». Prosjektet er eit samarbeid mellom Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Stillinga gjeld for perioden 01.01.2027–31.08.2027.
Målet med prosjektet er å styrkje pasientflyten, sikre rett bruk av kompetanse og utvikle meir effektive arbeidsprosessar på tvers av poliklinikkane. Som helsefagarbeidar vil du få ei sentral rolle i utprøving av nye arbeidsformer og arbeidsoppgåver. Du vil bidra til god koordinering av pasientforløp og vere ein aktiv deltakar i utviklings- og forbetringsarbeid.
Stillinga passar for deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer å vere med på å forme framtidas helsetenester. Vi ser etter deg som er fleksibel, løysingsorientert og motivert for endrings- og forbetringsarbeid til beste for pasientane. Hos oss får du høve til å påverke, lære og bidra i eit spennande utviklingsarbeid i ein moderne sjukehuskvardag.
Søknadsfrist
04.12.2026
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Stad
Hjelset
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Stillingar
1
Heiltid / Deltid
Heiltid
Tilsetjingsform
Engasjement
Stillingsprosent
100
Webcruiter-ID
5162573563
Startdato
01.01.2027
Sluttdato
31.08.2027
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Elin Kjønnø
Konst. seksjonsleiar
Telefon: 92436070
E-post: elin.kjonno@helse-mr.no
Ragnhild Bjerkås
Seksjonsleiar
Telefon: 90594358
E-post: ragnhild.bjerkaas@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal