Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar

Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Gujorda

On-site

NOK 420,000 - 600,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter avtale
Offentleg pensjonsordning og forsikrng

Job summary

Helse Møre og Romsdal HF søker ein medarbeidar til Preste- og samtaletenesta ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Stillinga krev teologisk bakgrunn, evne til å møte menneske i krevjande livssituasjonar og vil vere involvert i tverrfaglege team og utdanning.

Stillinga er open for ulike fagbakgrunnar og inkluderer 80% fast stilling med moglegheit for vidareutvikling. Arbeidsstad er Hjelset i Molde-området med deltaking i beredskap og lokale prosjekt.

Qualifications

  • Erfaring frå arbeid med sorg, kriser og menneske i krevjande livssituasjonar
  • Teologisk embetseksamen eller masternivå innan tru-/livssyns- eller eksistensielt samtalearbeid og eventuelt vigsling/autorisasjon

Responsibilities

  • Gjennomføre støttande og eksistensielle samtalar med pasientar og pårørande i tett samarbeid med behandlarar og pleiepersonell
  • Planleggje, gjennomføre og vidareutvikle ritual og seremonielle handlingar tilpassa pasientar, pårørande og situasjonar
  • Bidra til fagleg utvikling og kvalitetssikring av Preste- og samtaletenesta sitt tilbod ved sjukehusa
  • Medverke i psykososial beredskap ved kriser, alvorlege hendingar og ulykker
  • Gi undervisning, rettleiing og fagleg støtte til tilsette, samt delta aktivt i tverrfaglege team
  • Delta i tenesta si beredskapsordning for tilkalling utanom ordinær arbeidstid

Skills

Sorg og kriser
Rettleiing

Education

Teologisk embetseksamen/masternivå

Job description

Helse Møre og Romsdal HF har ledig ei fast 80% stilling i preste- og samtaletenesta ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset!

Vi søkjer ein medarbeidar med relevant utdanning, erfaring og kompetanse innen samtalar om tru, livssyn og eksistensielle spørsmål. Stillinga er open for søkjarar med ulik fagleg bakgrunn, og vi ønskjer særleg kompetanse innen å møte menneske i krevjande livssituasjonar, uavhengig av deira tru eller livssyn. Stillinga omfattar arbeid ved SNR Hjelset, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området.

Preste- og samtaletenesta er ei livssynsopen teneste som tilbyr samtalar og støtte til pasientar, pårørande og ansatte, uavhengig av religion, tru eller livssyn. Tenesta skal vere ein trygg samtalepartnar i møte med sjukdom, kriser, sorg og andre eksistensielle utfordringar.

Tenesta har i dag fire sjukehusprestar og éin sjukehusdiakon, som til saman utgjer 3 årsverk i Helse Møre og Romsdal. Av desse er 1,2 årsverk sette av til å dekkje tenesteområdet ved SNR Hjelset.

Som del av fagmiljøet vil du delta i digital kollegarettleiing kvar veke. Vi gjennomfører også faste fagdagar kvart semester. Preste- og samtaletenesta arbeider aktivt for å styrkje den faglege kompetansen til medarbeidarane og legg til rette for relevant vidareutdanning og kurs.

Tenesta arbeider med fleire prosjekt som på sikt kan gi grunnlag for ein mellombels auke i stillingsprosenten. Ei eventuell auke vil vere avhengig av den videre utviklinga i prosjekta og tilgjengeleg finansiering.

Arbeidsoppgåver
  • Gjennomføre støttande og eksistensielle samtalar med pasientar og pårørande i tett samarbeid med behandlarar og pleiepersonell
  • Planleggje, gjennomføre og vidareutvikle ritual og seremonielle handlingar tilpassa pasientar, pårørande og situasjonar
  • Bidra til fagleg utvikling og kvalitetssikring av Preste- og samtaletenesta sitt tilbod ved sjukehusa
  • Medverke i psykososial beredskap ved kriser, alvorlege hendingar og ulykker
  • Gi undervisning, rettleiing og fagleg støtte til tilsette, samt delta aktivt i tverrfaglege team
  • Delta i tenesta si beredskapsordning for tilkalling utanom ordinær arbeidstid
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå arbeid med sorg, kriser og menneske i krevjande livssituasjonar
  • Teologisk embetseksamen eller anna relevant utdanning på masternivå innan tru-, livssyns- eller eksistensielt samtalearbeid
    Vigsling, autorisasjon eller tilsvarande godkjenning frå eige trus- eller livssynssamfunn der dette er aktuelt
  • Kompetanse innan tru-, livssyns- og eksistensielle spørsmål
  • Rettleiingskompetanse er særleg verdsett, og søkjarar med erfaring frå rettleiing blir oppmoda til å søkje
Personlege eigenskapar
  • Du trivst med å arbeide sjølvstendig, tek ansvar og viser initiativ i møte med ulike arbeidsoppgåver
  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer på tvers av fagmiljø
  • Du har evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte
  • Du møter menneske med respekt, openheit og omtanke, uavhengig av bakgrunn, religion, tru eller livssyn
  • Du er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit i samtalar om livet sine store og små utfordringar
  • Du bidreg til eit inkluderande og livssynsope miljø der mangfald blir verdsett og ivaretatt

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her .

Kontaktinformasjon

Henrik Rønningsbakk Jansson,Seksjonsleiar,70240595, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5206668007
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Med ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar
Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar

Helse Midt-Norge RHF • Hjelset

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Helse Midt-Norge RHF • Hjelset

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

KREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SNR, Helse Møre og Romsdal HF • Gujorda

On-site
NOK 469,000 - 603,000
Tilkallingsvikarer
Tilkallingsvikarer

Central Norway Regional Health Authority • Hjelset

On-site
NOK 344,000 - 482,000
Læring og utvikling
Trygt arbeidsmiljø
Grunnleggjande opplæring
+3
Tilkallingsvikarer
Tilkallingsvikarer

Helse Midt-Norge RHF • Hjelset

On-site
NOK 344,000 - 482,000
Læring og utvikling
Trygt arbeidsmiljø
Grundig opplæring
+2
Smittevernlege
Smittevernlege

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

Hybrid
NOK 900,000 - 1,300,000
Pensjonsordning
Forsikring
Fagleg utvikling og nettverk
Overlege innan psykiatri
Overlege innan psykiatri

Central Norway Regional Health Authority • Hjelset

On-site
NOK 1,100,000 - 1,400,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar
Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar

Helse Møre og Romsdal HF • Hjelset

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

Central Norway Regional Health Authority • Hjelset

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Pensjonsordning og forsikringsvilkår
Overlege innan psykiatri
Overlege innan psykiatri

Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF • Gujorda

On-site
NOK 1,100,000 - 1,650,000
Top locations