Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Bømlo kommune søker helsefagarbeidar til 80% fast stilling ved avdeling for korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo bu- og helsesenter. Start 1. november; arbeid kvar tredje helg; mogleg langvaktturnus på sikt.
Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og ein lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta for gode pasientforløp.
Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie?
Då kan dette vere stillinga for deg! Ved avdelinga for korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo bu- og helsesenter har me ledig ei 80 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart 1. november. Stillinga inngår i årsturnus med ordinære vakter og arbeid kvar tredje helg. På sikt kan det bli mogleg å ønskje langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg.
KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og ein variert pasientgruppa. Pasientane kjem til oss frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, mellom anna for kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og ei lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta for å sikre gode pasientforløp.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Ved vurderinga av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. Politiattesten må ikkje vera eldre enn tre månadar.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Isabel Knutsen, avdelingssjukepleiar KOR.
Isabel Knutsen,Avdelingssjukepleiar ,909 34 641,isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Leirdalen 25
5430Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5170135238
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 06.09.2026
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.