Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Bømlo kommunes avdeling for korttid og rehabilitering (KOR) i Leirdalen 25, Bremnes søker helsefagarbeidar 80% fast oppstart 1. november. Stillinga inngår i årsturnus med kvelds- og helgeskift. Tilbod om langvaktturnus kan kome seinare. Ansvarsområde inkluderer pleie, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid.
Hovudmål er tryggleik og god pleie til pasientar i sårbare livssituasjonar. Krav til norsk på nivå B2 og gode digitale ferdigheiter er eit avgjerande kriterium.
Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønsker å bidra med tryggleik og god pleie?
Då kan dette vere stillinga for deg! Ved avdelinga for korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo bu- og helsesenter har me ledig ei 80 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart 1. november. Stillinga inngår i årsturnus med ordinære vakter og arbeid kvar tredje helg. På sikt kan det bli mogleg å ønskje langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg.
KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og ein variert pasientgruppa. Pasientane kjem til oss frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, mellom anna for kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og ei lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta for å sikre gode pasientforløp.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Ved vurderinga av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. Politiattesten må ikkje vera eldre enn tre månadar.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Isabel Knutsen, avdelingssjukepleiar KOR.
Isabel Knutsen, Avdelingssjukepleiar ,909 34 641,isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Leirdalen 25
5430Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5170135238
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 06.09.2026