Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Vestnes kommune søker lærar til Helland barneskule frå 01.01.2027. Vi søkjer ein lærar som kan undervise i 1.–7. trinn og ta kontaktlærarfunksjon ved behov.
Tilsetjinga krev norsk munnleg og skriftleg, krav om politiattest og allmennlærarutdanning. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, IA-kommune, gode pensjons- og forsikringsordningar, og eit funksjonstillegg for kontaktlærar på kr 40.000 pr år.
Det er ledig 100 % fast undervisningsstilling ved Helland barneskule frå 01.01.2027.Vi søkjer etter lærar som kan undervise på 1.-7.stega. Vi søkjer og etter lærarar som kan ta på seg kontaktlærarfunksjon.
Det kan og bli ledige lærarstillingar ved skulen som følge av oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen.
Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 måneder i faste stillingar.Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 måneder.
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg.Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.