Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Kvernhusmyrane bufellesskap i Knarvik søker to engasjerte helgestillingar. Det er 28 % natt og 24 % dag. Bustaden er døgnbemanna og ligg sentralt. Me tilbyr tenester av høg kvalitet og ønskjer ein trygg, meiningsfull kvardag for kvar einskild bebuar.
Arbeidet krev omsorg, dokumentasjon i Profil og medikamenthandtering. Du skal fokusera på godt samarbeid mellom vaktene, samt god kommunikasjon på norsk. Autorisert helsefagarbeidar vert prioritert, og studentar i helsefag eller pedagogikk er
Me søkjer to engasjerte og motiverte helgekollegaer til Kvernhusmyrane bufellesskap
Me har ledig to helgestillingar:
Kvernhusmyrane bufellesskap ligg sentralt i Knarvik og er heim for seks personar med ulik grad av funksjonsnedsetjing. Bustaden er døgnbemanna.
Målet vårt er å tilby tenester av høg kvalitet og bidra til ein trygg, meiningsfull og best mogleg kvardag for kvar einskild bebuar.
Det er eit føremon med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og adferd som utfordrer
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Habiliteringstenester i Alver kommune gjevtenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.