Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Såta bu- og servicesenter i Knarvik søker faste helgestillingar. Stillingane er i snitt kvar 3. helg og tilhøyrer Alver kommune si helse- og omsorgsteneste.
I september 2026 utvidar avdelinga med fleire plassar, og stillingane krev engasjement for pasientgruppa og god samarbeidsvilje. Lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk og eit positivt arbeidsmiljø er mellom tilboda.
Me har ledig faste helgestillingar på Såta bu- og servicesenter. Arbeidet er i snitt kvar 3 helg.
I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane vi allerede har for personar med demenssjukdom. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Du trivst med å arbeide med menneske og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa. Vi søkjer etter deg som er nysgjerrig og har lyst å lære. Du er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for pasientgruppa. Du bidrar til godt arbeidsmiljø, har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune