Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bjørnafjorden kommune søker vernepleiar eller sjukepleiar som skal levere miljøterapi og koordinere tiltak for barn og vener, med fokus på livskvalitet og heilskapleg oppfølging.
Du vil være ein viktig del av eit kompetent team, med ansvar for tiltaksplanar, medverke til høg fagleg kvalitet og godt samarbeid i heile tenesta.
Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter. - 100% stilling i turnus er ledig frå januar 2027.
Arbeidsstad: Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Varafjell er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne, og senteret ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ. Varafjell er ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med barn med ulike behov, draumar og personlegheit.
Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv. Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag. Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det.
Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.