A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bjørnafjorden kommune søkjer vernepleiar eller sjukepleiar til 100% fast stilling i avlastingstilbodet Varafjell. Arbeidet fokuserer på kvalitet, miljøterapi og tett samarbeid med familie og tverrfaglege team.
Stillinga har turnus frå januar 2027, og kommunen tilbyr løn etter gjeldande avtalar med lokale lønnsoppgjer. Oppstart og vidare oppfølging skjer i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Del på e-post Del på Facebook Del på X
Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.
- 100% stilling i turnuser ledig frå januar 2027.
Arbeidsstad:
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, ogVarafjell er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne,og senteret ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.Varafjeller ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med barn med ulike behov, draumar og personlegheit.
Kvalifikasjonar:
Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.
Kvifor velgje oss ?
Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv.
Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag.
Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Torild Mjelstad
Avdelingsleiar - Varafjell avlastningssenter
Einingsleiar - Tilrettelagte tenester