Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Bjørnafjorden kommune søkjer helgestillingar i turnus til avdeling som yter tenester til bebuarar i nærområdet. Du vil jobbe kvar 2., 3., eller kvar 4. helg med langvakter ved kvar 4.
helg, og bidra til aktivitetar som gir meining og mogelegheit for bebuarane til å leve aktive liv. Vi søkjer etter personlege eigenskapar som viser initiativ, empati og evne til å skape trygge omgivelser. Erfaring frå arbeid med menneske med nedsatt funksjonsevne er ein fordel, men motiverte nyutdanna blir også
Vil du gjere ein forskjell når det verkeleg betyr noko ?
Bufellesskapet har 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov og i tillegg yter avdelinga tenester til nokre tenestemottakarar i nærområdet.
Nokre jobbar handlar om rutinar. Andre handlar om mennesket. Hos oss får du moglegheit til å vera ein som skapar gode augneblikk, opplever meistring, tryggheit og glede i kvardagen. Ingen dagar er heilt like, og nettopp det gjer jobben spennande og meiningsfull. Vi ser etter deg som ønskjer å bruka fagkunnskapen din til meir enn pleie og omsorg. Du som ser ressursane i kvar enkelt menneske, som byggjer relasjonar og som ønskjer å bidra til at våre bebuarar får leva aktive, sjølvstendig og innhaldsrike liv.
Vi har helgestillingar på omlag 15 - 23%. Det er mogleg å jobbe kvar 2.,3., eller kvar 4.helg. Ved arbeid kvar 4.helg er det langvakter.
Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som trivst i arbeid tett på menneske, og som bidreg til å skapa tryggleik, meistring og gode dagar for bebuarane.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.