Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester søkjer fagarbeidar som vil arbeide tett med barn og unge med nedsett funksjonsevne ved Varafjell avlastningssenter. Stillinga er 100% fast og i turnus, med helg og langvakt.
Du vil yte heilskapleg omsorg, bidra til meistring og tryggleik, og samarbeide tett med familie og hjelpeapparat. Krav er fagbrev/autorisasjon, Førarkort og norsk språkkompetanse på nivå B2.
Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.
- 100% fast stilling ledig frå snarast.
Stillinga er i turnus med arbeidshelg f.t m/langvakt på helg
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar.Stillinga er for tida påVarafjell avlastningssenter.Avlastningssenteret ligg strategisk plassert, nær skule, idrettsanlegg, på Kuventræ, friluftsområde oghar avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne.
Varafjell har ledig fagarbeidarstilling for deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag. Du vil arbeide tett med barn og unge med ulike behov, og bidra til tryggleik, meistring og gode opplevingar. Stillingane inneber og ei viktig rolle i å støtte og avlaste familiar med krevjande omsorgsoppgåver, i eit fagmiljø prega av samarbeid, kompetanse og engasjement.Arbeidsoppgåverknytt opp mot barn, med behov for tett oppfølging, både i skule og i avlastninga.
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet .Det krevst dokumenterte norsk ferdigheitar på minimum nivå B2, både munnleg og skriftleg.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Fordi du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, er denne stillinga heiltperfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er opptatt av å ivareta barnet som om detvar ditt eige.På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for åkunne gi barnet eit godt heiltidstilbod.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderende arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.