A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Gangstø ressurssenter, ein del av Øygarden kommune, søker miljørettleiar i 89% fast stilling med snarlig oppstart. Arbeidet omfattar tilpassa opplæring, tett oppfølging og samarbeid med eit tverrfagleg team for å styrkje elevane si trivsel og meistring.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø i Blomvåg, med moglegheit til utvikling og ansvar i forhold til elevane si utvikling og læringsmiljø.
Vi søkjer miljørettleiar i 89% fast stilling med snarleg oppstart.
Gangstø ressurssenter er ein alternativ opplæringsarena for ungdomsskulane i Øygarden kommune. Tilbodet er retta mot elevar som av ulike årsaker ikkje meistrar skulekvardagen ved heimeskulen sin. Gjennom høg grad av tilpassa opplæring, tett oppfølging og støtte frå trygge vaksne arbeider vi for å styrkje elevane si trivsel, meistring og utvikling.
Ved Gangstø ressurssenter har vi elevar frå 8.-10. trinn, med plass til åtte elevar. Her møter du eit tverrfagleg team beståande av åtte tilsette med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som ser ressursane og moglegheitene hos kvar einskild elev.
Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar, der samarbeid, utvikling og relasjonsbygging står sentralt. Samstundes vil du få ansvar og høve til å utvikle eigne styrkar og interesser.Arbeidskvardagen er variert og meiningsfull, med undervisning både på skulen og gjennom aktivitetar utenfor klasserommet. Ressurssenteret er lokalisert i Blomvåg nord i Øygarden kommune.

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Gunhild Fjell: 984 04922
gunhild.fjell@oygarden.kommune.no
Merete Ingebrigtsen
merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følge, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Gangstø ressurssenter si skuleavdeling, held til på gamle Algrøy barneskule.Skulen er eit tilbod til elevar på ungdomskuletrinnet , som av ulike årsaker ikkje meistrer skulekvardagen på heimeskulen sin.Gjennom høg grad av tilpassa opplæring og stor voksen tettheit ynskjer vi auke meistring og trivsel hjå eleven.