Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Øygarden kommune Gangstø ressurssenter søker lærar i 100 % fast stilling med snarlig oppstart. Skulen tilbyr tilpassa opplæring og eit tett oppfølgingsteam for elevar frå 8.–10. trinn i Øygarden kommune.
Arbeidskvardagen er variert med undervisning både i skulen og aktivitetar utanfor klasserommet. Du vil vere del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar, ansvarsforhold og moglegheit til å utvikle eigne styrker.
Vi søkjer lærar i 100 % fast stilling med snarleg oppstart.
Gangstø ressurssenter er ein alternativ opplæringsarena for ungdomsskulane i Øygarden kommune. Tilbodet er retta mot elevar som av ulike årsaker ikkje meistrar skulekvardagen ved heimeskulen sin. Gjennom høg grad av tilpassa opplæring, tett oppfølging og støtte frå trygge vaksne arbeider vi for å styrkje elevane si trivsel, meistring og utvikling.
Ved Gangstø ressurssenter har vi elevar frå 8.-10. trinn, med plass til åtte elevar. Her møter du eit tverrfagleg team beståande av åtte tilsette med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som ser ressursane og moglegheitene hos kvar einskild elev.
Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar, der samarbeid, utvikling og relasjonsbygging står sentralt. Samstundes vil du få ansvar og høve til å utvikle eigne styrkar og interesser. Arbeidskvardagen er variert og meiningsfull, med undervisning både på skulen og gjennom aktivitetar utanfor klasserommet. Ressurssenteret er lokalisert i Blomvåg nord i Øygarden kommune.
Gunhild Fjell: 984 04 922
gunhild.fjell@oygarden.kommune.no
Merete Ingebrigtsen
merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Gangstø ressurssenter si skuleavdeling, held til på gamle Algrøy barneskule.Skulen er eit tilbod til elever på ungdomskuletrinnet , som av ulike årsaker ikkje meistrer skulekvardagen på heimeskulen sin.Gjennom høg grad av tilpassa opplæring og stor voksen tettheit ynskjer vi auke meistring og trivsel hjå eleven.