Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Folgefonn DPS i Helse Fonna-regionen søker ein engasjert og utviklingsorientert funksjonsleiar for merkantile tenester. Stillinga inneber leiing av døgnavdeling, allmennpoliklinikk og støttetenester som krev samordning mellom fagmiljø og leiing.
Du vil leggje til rette for gode rammer for medarbeidarane og utvikle administrative løysingar som støtte for pasientbehandlinga. Krav: relevant erfaring innen administrasjon og leiing, god norsk framstillingsevne og systemkunnskap (GAT/Elements/Dips
Vil du leie og utvikle merkantile tenester som betyr mykje for både pasientar og medarbeidarar?
Klinikk for psykisk helsevern og rus gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Helse Fonna-området. Ved Folgefonn DPS tilbyr vi tenester innan psykisk helsevern og rusbehandling til innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang kommunar, eit opptaksområde på om lag 19 000 innbyggjarar.
Verksemda vår omfattar døgnavdeling, allmennpoliklinikk på Valen og i Odda, FACT-team og TSB/LAR-tenester. Kvar dag arbeider vi for å gi heilskaplege og gode tenester til menneske som treng oss.

No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert funksjonsleiar for merkantile tenester. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som ønskjer å bidra til gode arbeidsprosessar, styrkje samarbeid på tvers av fagmiljø og videreutvikle viktige administrative tenester som understøttar pasientbehandlinga. Som funksjonsleiar får du ei sentral rolle i den daglege drifta og i vidareutviklinga av dei merkantile tenestene ved DPS-et. Du vil ha ansvar for å leggje til rette for gode rammer for medarbeidarane, samstundes som du sikrar effektive og framtidsretta administrative løysingar. Vi ser etter deg som trivst i ei leiarrolle, byggjer gode relasjonar og motiverer andre. Du er opptatt av kvalitet, utvikling og samarbeid, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Som funksjonsleiar rapporterer du til avdelingsleiar og blir ein viktig del av avdelinga si leiargruppe. Her får du høve til å påverke, utvikle og bidra til ei viktig samfunnsoppgåve. Vil du vere med og forme framtida for dei merkantile tenestene ved Folgefonn DPS? Då håpar vi å høyre frå deg!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.